Hopp til innhold

Bror til kjend fotballproff omkom i basehoppulukka i Gudvangen

Det var bror til den kjende fotballproffen Frode Johnsen som omkom i basehoppulukka i Gudvangen i Aurland søndag.

Redningsaksjon i fjellet ved Fetanipa i Gudvangen

SAKNA: Ein basehoppar var sakna i området ved fjellet Fetanipa i Gudvangen.

Foto: Per Steinar Hylland

Det er avisa Varden som melder dette på sine nettsider seint søndag kveld.

Den røynde basehopparen Dan Johnsen frå Skien vart funnen omkomen og vart frakta ned frå fjellet av eit redningshelikopter søndag ettermiddag.

– Vi fekk første melding inn klokka 13.50 at det var ein sakna person etter eit basehopp ved Gudvangen. Og det blei jo då sendt varsling til naudetatar og andre hjelpeinstansar som Røde Kors, samt luftambulanse og SeaKing, fortel operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjetil Avsnes.

Den omkomne var ein del av eit følgje på i alt fem norske basehopparar, og det var kameratane som fekk varsla politiet om den tragiske ulukka.


Vart løfta ned til bygda

– For kort tid sidan blei det då observert ein person i fjellsida, og denne personen er no løfta ut frå denne staden og ned til Gudvangen av SeaKing-helikopteret.
Redningsaksjonen er no avslutta, og vi går no over i ein etterforskningsfase, seier Avsnes.

Tidlegare i dag fortalde politiet at dei sette i gang ein omfattande redningsaksjon etter at dei fekk melding om at mannen var sakna.

– Vi veit kor han sist vart sett sidan han hoppa saman med ein annan, sa Wenke Hope ved politiets operasjonssentral til NRK.no.

Ein luftambulanse vart tidleg send til området og gjorde søk i fjellet.

Skal peike ut området

Hovudredningssentralen i Sør-Norge kalla ut eit redningshelikopter frå Florø. Dei plukka med seg Jostedalen alpine redningsgruppe på vegen innover til Gudvangen.

– Vi gjer dette for å vere litt i forkant, fekk NRK opplyst av redningsleiar ved HRS tidlegare søndag ettermiddag.

Klokka 16.30 var Sea King-helikopteret på plass og flaug umiddelbart opp i fjellet.

Populært basehopp-område

– Vedkommande som sist såg den sakna hopparen vil vere med i helikopteret for å peike ut området, sa Hope til NRK.no klokka 16.35.

Helse, politi og Røde Kors vart også sende til staden, opplyser politiet.

Basehopparen skal vere sakna i området ved Fetanipa som ligg i fjellsida like bak bensinstasjonen og butikken i Gudvangen. Nærøydalen og Gudvangen er eit populært område for basehopparar frå heile verda.

I juli omkom ein basehoppar i 20-åra etter ei ulukke ved Skjerpi i Aurland.

Store ressursar er sett inn i søket etter ein sakna basehoppar i fjellet ved Fetanipa i Gudvangen.

SØKTE I FJELLET: Både luftambulansen og eit redningshelikopter vart sende til Gudvangen for å delta i søket.

Luftambulansen i Gudvangen i samband med søk etter sakna basehoppar

SØK: Luftambulansen landa i 14.45-tida i Gudvangen. Den var med i søket etter ein sakna basehoppar i fjellområdet ved Fetanipa.

Foto: Per Steinar Hylland