Hopp til innhold

Har funne død kvinne i Sognefjorden

VIK (NRK): Seint onsdag kveld vert den døde kvinna sendt til Bergen for obduksjon. Politiet trur det er den sakna Marita Sælen (46).

Mjølsvik død kvinne funnen

FUNNEN HER: Den døde kvinna vart funnen i dette området i Mjølsvik. Kriminalteknikarar har jobba på staden i kveld.

Foto: NRK-tipsar

Marita Sælen vart meldt sakna laurdag, og siste sikre observasjon er natt til laurdag klokka 02.20 ved utestaden Dampen i Vik sentrum.

– Det er stort sannsyn for at det er den sakna kvinna vi har funne, blant anna grunna klede og slikt, men vi har ikkje fått identifisert ho endeleg, seier regionlensmann Arne Johannessen.

Den døde kvinna kom til Vik klokka 23.00 onsdag kveld. Ho blir frakta direkte vidare til Bergen for obduksjon ved Gades institutt. Ho vil bli identifisert der.

Ung gut fann kvinna

Politiet melder at funnet vart gjort onsdag ettermiddag klokka 16.19, ved Ortnevik på sørsida av Sognefjorden. Etter det NRK Sogn og Fjordane kjenner til blei kvinna funnen i Mjølsvik, nokre kilometer vest for Ortnevik. Det er om lag to mil frå Vik sentrum til Mjølsvik.

– Den døde har drive veldig langt og kome inn til land. Eg har opplysningar om at det var ein ung gut som gjekk forbi der som var den første som oppdaga det, seier Johannessen.

Kriminalteknikarar jobba på funnstaden utover ettermiddagen og kvelden onsdag, men politiet vil ikkje kommentere ytterlegare rundt arbeidet der. Etter at kvinna er sendt til obduksjon vil det ta kring ei veke før obduksjonsrapporten er klar.

– Ingenting som tyder på noko kriminelt

Parallelt med leiteaksjonen dei siste dagane, har politiet etterforska for fullt. Johannessen har heile vegen halde alle moglegheiter opne, men sagt at dei ikkje har indikasjonar på at noko kriminelt har skjedd.

Det same seier Johannessen onsdag kveld.

– Men politiet må etterforske og analysere dette ut frå alle moglegheiter.

– Dei prioriterte oppgåvene no er å få identifisert om det er den sakna kvinna vi har funne, og å få vedkomande til obduksjon. I tillegg har vi kriminalteknikarar som skal gjere ein jobb på funnstaden, seier regionlensmannen.

Frå Vik ut mot Ortnevik

ORTNEVIK: Dette biletet er teke frå Eitreneset i Vik, i retning Ortnevik som ligg på sørsida av Sognefjorden (til venstre på bilete)

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Familie og pårørande varsla

Politiet har dei siste dagane avhøyrt over 20 personar, for å kartlegge alle bevegelsar i Vik sentrum, på campingsplassen og ved utestaden Dampen.

Dei har også sikra seg teledata og video frå overvakingskamera. I dag bad Johannessen og etterforskingsleiinga Kripos om hjelp til analysearbeid, og denne førespurnaden står ved lag også etter dagens funn, seier Johannessen.

Den offisielle leiteaksjonen vart avslutta onsdag morgon. Familie, vener og pårørande har leita vidare i privat regi. Familie og andre pårørande er varsla og informerte om funnet i kveld.

– Dei vil kome for å identifisere kvinna, seier Johannessen.

Vik leiteaksjon