Politiet har frigjeve namnet til mannen som tysdag kveld fall i sjøen, truleg mellom Arnafjord og Finnafjord. Brattebø var busett i Vik.
- LES OGSÅ: Trur sakna er omkomen
Ulukka vart først meld onsdag ettermiddag då båtføraren, også han ein mann i slutten av 20-åra, kom til land i Vik.
Avslutta søket
Båtføraren skal i politiavhøyr ha forklart at dei to var på fisketur. Frå onsdag ettermiddag til torsdag kveld har det vore gjennomført søk frå Balestrand til Vadheimsfjorden på nordsida av Sognefjorden, og frå Vangsnes til Bjordal på sørsida av fjorden.
Søket vart avslutta torsdag kveld, og blir ikkje teke opp att utan nye opplysningar i saka.
- LES OGSÅ: Utvida søk etter sakna mann
– Vi har søkt over eit stort område utan funn, og slik det er no så ser ikkje vi noko grunnlag for å søkje meir, stadfesta operasjonsleiar Hans Petter Harlem ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Føraren av båten er sikta for å ha køyrt båt i ruspåverka tilstand. Han vart dimitert torsdag kveld etter avhøyr.