Hopp til innhold

Bøndene har søkt om rovdyrerstatning for tre gonger fleire dyr enn i eit normalår

Bøndene i Sogn og Fjordane har søkt om rovdyrerstatning for 1.700 sauer og lam etter årets beitesesong. Det er meir enn tre gonger så mykje som i eit normalår.

Sau drepen av jerv i Luster

STORE TAP: Sauebøndene i Sogn og Fjordane har opplevd enorme tap av dyr i løpet av årets beitesesong.

Foto: Statens Naturoppsyn

– Det har komme inn litt over 80 søknadar. Talet på søknadar er rimeleg normalt, men skadeomfanget i desse søknadane er langt over normalt, seier seniorrådgjevar hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Hermund Mjelstad.

Mange sauebønder har hatt svært store tap i løpet av beitesesongen 2014. I indre Sogn har jerven herja store delar av sommaren. Berre i Årdal, Luster, Lærdal og Stryn er nær 400 sauer tekne av jerv.

Langt over eit normalår

Også andre stadar i fylket har både jerv og ulv ført til at mange bønder har mista sau og lam.

– Det er søkt om erstatning for over 1.700 dyr. For vårt fylke er det langt over det som kan reknast som normalt, seier Mjelstad.

I ein såkalla normal-sesong kjem det inn søknadar på mellom 400 og 500 dyr. Dermed er tapa for beitesesongen 2014 vel tre gonger høgare enn eit normalår.

– Det er store tap, seier Mjelstad.

Han fortel at dei største tapa skuldast jerveskadane i Lærdals- og Årdalsfjella.

– Det er også ein del jerveskadar i Luster og i Stryn. Hovudskadane er der. I tillegg har vi ulveskadar i Naustdal, noko som er heilt uvanleg for oss, seier Mjelstad.

Har vore ei negativ utvikling

Han er overraska over dei høge tala.

– Skadeomfanget har ikkje vore så høgt dei siste åra. I år er det ei negativ utvikling, seier Mjelstad.

På grunn av dei store rovvilttapa valde fleire bønder å hente heim dyra sine tidlegare enn dei opphavleg hadde planlagt. Mange valde også å ha eit ekstra tilsyn med dyra på beite.

– Også når det gjeld det, er det fleire søknadar enn vanleg. Dei som har hatt ekstra store tap, må gjerne ta sauene ned før tida, i tillegg til at dei må ha ekstra mykje tilsyn for å avgrense skadane. Så det vert ekstra utbetalingar også for det. Til saman vert det bortimot eit ekstremår, seier Mjelstad.

Vert truleg rekordutbetaling

Han torer ikkje spå kor store utbetalingane vil bli til slutt.

– Det er ikkje råd å seie noko om i dag. Det kjem an på erstatningsbeløpet per dyr, og det vert slege fast sentralt. Men til saman vil det blir store beløp, truleg det største vi har betalt ut her i fylket nokon gong, seier Mjelstad.

Til samanlikning ligg utbetalingane på eit normalår på 300.000-400.000 kroner.