Hopp til innhold

Har fått cideren inn på Vinmonopolet

Hardt arbeid over lang tid ber bokstavleg talt frukter for Ciderhuset i Balestrand. No har dei fått cideren sin inn i basisutvalet til Vinmonopolet.

Åge Eithungjerde.

NØGDE: Åge Eithungjerde ved Ciderhuset i Balestrand er godt nøgd med at dei no har fått eplecideren «Sognefjord» inn i basisutvalet til Vinmonopolet.

Foto: Arne Eithun / NRK

Åge Eitungjerde ved Ciderhuset seier til avisa Ytre Sogn at dette betyr svært mykje for dei. 60 kartongar er allereie på veg ut frå dei og vil vere på plass i basisutvalet til dei middels store vinmonopola landet over.

Eplecideren «Sognefjord» blir vist fram når Vinmonopolet skal lansere sine nye produkt i starten av juli, og Eithungjerde legg ikkje skjul på at dette er ein milepæl for familieverksemda, skriv avisa.

– Vi har jobba i mange år for å få dette til, seier han.

«Sognefjord»-cideren er laga på frukt frå eigen hage, og har ein alkoholprosent på sju. Ciderhuset har allereie sju produkt i Vinmonopolet sitt bestillingsutval.