Hopp til innhold

Har dei løyst Sogn og Fjordane-mysteriet?

Mot mange odds toppar elevar frå Sogn og Fjordane dei nasjonale prøvane år etter år. Forundra forskarar har leita etter svar i to år, og no kan mysteriet vere løyst.

Elevar frå Sogn og Fjordane er i Norgestoppen på nasjonale prøvar. Det har lenge forundra forskarane. Men no kan mysteriet vere løyst.

Sjå TV-sak: Reporter: Noralv Pedersen. Foto og redigering: Steinar Lote.

Utdanningsnivået og lønsnivået til foreldra i fylket skulle ikkje tilseie så gode resultat.

Dette mysteriet har forskingsleiar Gøran Söderlund, fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og kollegaane hans i 12 forskingsgrupper undersøkt i to år. I fleire prosjekt har dei gjort samanlikningar med Nord-Trøndelag, Oppland og Aust-Agder, for å finne ut kvifor Sogn og Fjordane overpresterer. Utdanningsnytt skriv til dømes at den årlege rangeringa frå Kommunal Rapport syner at 14 av dei 30 beste skulekommunane ligg i Sogn og Fjordane.

Her er nokre av faktorane forskarane trur kan forklare gåta, og elevar ved Luster ungdomsskule sine tankar.

Respekt

  • Elevane i Sogn og Fjordane har meir respekt for læraren enn i andre fylke.
Gaute Sleppen Josvanger

ELEV: Gaute Sleppen Josvanger.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Elevane har høg respekt for læraren, men det er forskjellig for kvar lærar. Elevane oppfører seg bra, og gjer det dei får beskjed om, seier 8.-klassing Gaute Sleppen Josvanger til NRK.

– Me har ein bra struktur på å helse når dei kjem inn i timen og ta vare på kvarandre. Kanskje er slike grunnleggande ritual framleis viktige for ei god ramme rundt undervisninga og den faglege utviklinga, spør rektor Odd Bukve.

Nynorsk

  • Nynorskelevar skårar betre enn bokmålselevar, og det slår positivt ut i eit nynorskfylke som Sogn og Fjordane.
Luster ungdomsskule

TETTARE PÅ: At læraren er tettare på elevane er ei av forklaringane frå forskarane. Det same trur elev Renate Halveg.

Foto: Steinar Lote / NRK

Innstilling

  • Elevar i Sogn og Fjordane er meir positivt innstilte til den nasjonale prøven og tenkjer i større grad enn i andre fylke at «dette skal gå bra». Ei slik haldning slår positivt ut på resultatet, viser forsking. Dette gjeld spesielt for jenter og i faget matematikk.
Hedda Njøs

ELEV: Hedda Njøs

Foto: Steinar Lote / NRK

– Eg prøver å gjere så godt eg kan, og øver på det eg trur eg ikkje er så god på, seier 8.-klassing Hedda Njøs.

– Eg øver på det eg treng å øve på. Eg satsar på det går bra uansett, og det har gått veldig bra, seier klassevenninne Renate Halveg.

Foreldra

  • Foreldra i Sogn og Fjordane er meir engasjerte og interesserte i ungane sitt skulearbeid enn foreldre i andre fylke.
Renate Halveg

ELEV: Renate Halveg

Foto: Steinar Lote / NRK

– Dei hjelper meg så mykje dei kan, men det er ikkje alt dei kan. Då hjelper søstera meg. Det er veldig bra, seier Halveg.

– Foreldra mine hjelper meg med det eg spør dei om. Om dei ikkje kan det, spør eg søstera mi i 8b, seier Sleppen Josvanger.

Læraren

  • Læraren er tettare på elevane i Sogn og Fjordane enn i andre fylke.

– Det er mange små skular, og då får lærarane mykje meir tid til ein og ein elev. Eg er ikkje redd for å seie noko til læraren. Eg stolar på læraren, seier Halveg

Odd Bukve

REKTOR: Odd Bukve.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Me satsar på kompetanse og vidareutdanning for å heve nivået. Å ha ein høgskule så nær er også svært viktig for kurs og etterutdanning av lærarar, seier rektor Bukve.

Søderlund og kollegaane skal presentere resultata frå forskinga på ein stor konferanse i Oslo 12. og 13. mars.