Hopp til innhold

Har brukt gladjazz i tunnelkampen

Medlemmene i Dixilanders er motstandarar i politikken. Men kjempar den same saka gjennom musikken – dei vil fortast mogleg ha tunnelen gjennom det vêrutsette Vikafjellet.

Dei kjem alle frå ulike politiske parti, men spelar i same dixie-band.

MUSIKK PÅ TVERS AV POLITIKKEN: Orkesteret i Vik har lagt dei politiske grensene til side. Sjå TV-saka om det spesielle dixieorkesteret.

Dixielandmusikken er tradisjonell, men likevel er det noko som gjer bandet Dixielanders i Vik litt annleis.

Dei som trakterer trompet, kornett, tuba, banjo, trommer, piano, saksofon, klarinett og trombone, er nemleg politiske motstandarar.

Fem ulike parti

Dixielanders har medlemmer frå fem ulike parti. Det uroar likevel ikkje mangeårig Ap-ordførar i Vik, Erling Stadheim.

– Det er jo heilt unikt dette. Vi har med oss den tidlegare leiaren i Frp, den tidlegare leiaren i Frp, leiaren i Høgre, og eg er leiar i Ap, ramsar han opp med latter i stemma.

– Vi har alt, men høyr kor flott musikken er, seier han med eit breitt glis.

(Artikkelen held fram under biletet)

Liv Signe Navarsete og Marta Finden Halset

FEIRA TUNNEL: Liv Signe Navarsete og Vik-ordførar Marta Finden Halset framfor Stortinget i juni i fjor. Her spelte Dixielanders opp til minikonsert for å feire tunnelen.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Feira tunnelen på Løvebakken

Og om dei er usamde i politikken har dei kjempa for den same saka i musikken. Nemleg tunnelen gjennom Vikafjellet.

I fjor april spelte dei til dømes på kommunehuset i Vik i april i fjor, då bygdefolket feira at Vikafjellsvegen var komen inn på Nasjonal transportplan.

Nokre månader seinare spelte dei for Stortinget for å takke for tunnelvedtaket. Vik-ordførar Marta Finden Halset er sjølv svært glad for draghjelpa frå det spesielle bandet.

– Heile dagen framfor Stortinget var eit stort og godt minne. Vi merka korleis folk på Karl Johan dansa til musikken, og eg var stolt over å vere ordførar i Vik den gongen, minnast ho.

Du kan sjå ein lenger reportasje om det spesielle orkesteret som vart send i Norge Rundt fredag kveld.