Hopp til innhold

Har betalt ut 300.000 utan innsyn i bilag

Fylkeskommunen har betalt ut store summar til konsulentar i samband med salet av Fjord1 utan å krevje innsyn bilag. Fylkespolitikar Alfred Bjørlo (V) reagerer sterkt og krev fullt innsyn.

Tore Eriksen fylkesrådmann

Fylkesrådmann Tore Eriksen har ikkje kravd innsyn i bilag i samband med refusjon av utgifter til Fjord1-konsulentane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Utan å sende inn dokumentasjon for utlagde utgifter gjennom bilag, har Fjord1-konsulentane fått utbetalt over 300.000 kroner av fylkeskommunen. Kva alle midlane har gått til er difor uråd å kontrollere. Fylkeskommunen listar opp ein del av utgiftene gjennom fakturaspesifikasjonar, men har ikkje henta inn bilag.

Dette er mildt sagt merkeleg og her må all dokumentasjon på bordet.

Alfred Bjørlo

Ikkje nådig

Fylkespolitikar Alfred Bjørlo (V) er ikkje nådig i kritikken mot fylkesadministrasjonen sin praksis.

– Dette er mildt sagt merkeleg og her må all dokumentasjon på bordet. Det skulle berre mangle. Vi kan ikkje ha ein eigen og meir lemfeldig praksis for dei største og dyraste konsulentselskapa i Norge og ein mykje strengare praksis for tilsette og politikarar i fylkeskommunen. Dei må levere inn kvittering og dokumentasjon på dei minste beløp, seier han.

Alfred Bjørlo, Venstre i fylkestinget

Fylkespolitikar Alfred Bjørlo er ikkje nådig i kritikken mot fylkesadministrasjonen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Andre krev innsyn i bilag

I Telemark vart det i fjor avdekt at innleigde konsulentar fekk påspandert konjakk og at dei åt softis på Telemark fylkeskommune si rekning. Fylkesrådmann i Telemark, Evy-Anni Evensen, fortel at dei der krev innsyn i alle bilag når dei leiger inn konsulentar.

Fylkesrådmann i Telemark Evy-Anni Evensen

Vi forvaltar offentlege midlar og krev difor innsyn i bilaga før vi refunderer utgifter til innleigde konsulentar, seier Evy-Anni Evensen, fylkesrådmann i Telemark.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Når vi leiger inn folk utanfrå, skal dekte utgifter vere spesifiserte ned til minste detalj. Vi forvaltar offentlege midlar og full openheit rundt dette er med på å vise innbyggjarane kva vi brukar pengane på.

– Då må bilaga leggjast fram?

– Ja, det på dei, seier ho.

Når vi leiger inn konsulentar krev i innsyn i alle bilag ned til minste detalj.

Evy-Anni Evensen, fylkesrådmann i Telemark.

Avviser kritikken

Kva Fjord1-konsulentane meir i detalj har brukt pengane til er det uråd å finne ut av, sidan Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje har bede om innsyn i bilaga. Fylkesrådmann Tore Eriksen tek på side ikkje sjølvkritikk.

Vi har ikkje behov for å vite kva mat konsulentane har fått i seg.

Tore Eriksen
Fylkesrådmann Tore Eriksen og fylkesordførar Jenny Føllling

Fylkesrådmann Tore Eriksen avviser kritikken mot at han ikkje har kravd innsyn i bilaga frå Fjord1-konsulentane.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi veit kva reiser konsulentane har vore på og kva aktivitetar dei har vore med på. Sjølv om vi ikkje krev bilag har vi likevel god oversikt, seier han.

– Du nemner reiser. Men NRK sit med dokument der konsulentane krev refusjon for utlagde utgifter i samband med fleire ulike måltid. Kva type måltid er dette?

– Konsulentar som oss andre må ha mat. Om dei har ete eit måltid i samband med ei av reisene sine, så er det rimeleg at det blir ført opp på ei rekning. Vi har ikkje behov for å vite kva mat dei har ete, seier han.

Godkjend praksis

– Men dette er snakk om fellesskapet sine midlar utan at fylkeskommunen krev innsyn i kva konsulentane har brukt pengane på. Er ikkje det kritikkverdig?

– Nei, det meiner eg ikkje. Vi har drøfta praksisen med revisoren vår og han seier systemet vårt er greitt. Dei største utgiftene er timebruken konsulentane har hatt, ikkje servering som NRK fokuserer på, seier Eriksen.

"Annan logikk"

Bjørlo er av ei heilt anna oppfatning enn Eriksen. .

– Det verkar som det er ein heilt annan logikk og forvaltningspraksis i Fjord1-saka enn det som er vanleg i kommunal og fylkeskommunal forvaltning. Der er det vanlegvis openheit, innsyn, hushaldering av dokumentasjon av utgifter viktig. Her kan det sjå ut som alle slike prinsipp er sette til sides. Slik kan vi ikkje ha det, seier Bjørlo.

Fylkeskommunen har brukt til saman 11 millionar kroner på innleige av konsulentar. Mesteparten av utgiftene har gått til å lønne konsulentane.