Hopp til innhold

Her jublar Gunnar (37) over at han har besøkt alle land i verda

Då Gunnar Garfors landa i Kapp Verde i natt, var målet om å besøkje alle verdas land nådd. 198 land har mannen frå Naustdal vore innom. Men kor mykje pengar det har kosta, vil han ikkje tenkje på.

Gunnar Garfors

SUPERGLAD: Globetrotteren Gunnar Garfors har no besøkt alle land i verda. Her jublar han etter å ha nådd Kapp Verde.

Foto: privat

– Eg har reist til alle land i heile verda, 198 land. Eg kom til Kapp Verde i natt, sør for Kanariøyane, seier Gunnar Garfors.

Dermed er han, så vidt han sjølv har bringa på det reine, den einaste nordmannen som har besøkt alle 198 land i verda.

– Ein grekar har ei liste over dette, og han hevdar at det truleg er rundt 90 personar som har vitja alle land, seier Garfors.

Truleg få som har fått med seg Sør-Sudan

Men Sør-Sudan vart uavhengig i juli 2011, og fleire av dei på lista er no langt oppe i åra, så det er grunn til å tru at dei ikkje har fått med seg det siste landet.

– Han grekaren meiner sjølv at det er usannsynleg at alle har vore i det siste landet. Uansett er det ingen nordmenn på lista, seier Garfors.

Iallfall ikkje før no.

Ideen om å besøkje alle verdas land kom i 2008. Då hadde han allereie vore i litt over 80 land.

– Då bestemde eg meg for å reise til alle land. Den gong var det 197, men etter at Sør-Sudan ville bli eige land, er det 198, seier Garfors.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gunnar Garfors

PÅ TUR: Her er Garfors i Kiribati.

Foto: privat

Er ekstremt nysgjerrig

No er ikkje Garfors heilt framand for dette å samle på land.

– Nei, før det så samla eg på -stan-land nokre år. Eg besøkte Kirgisistan i 2004 og vart kjempefascinert, seier Garfors.

Han medgir at han kanskje er litt over snittet interessert i geografi.

– Eg har alltid likt å lese og sjå på kart og globusar. Og så er eg ekstremt nysgjerrig, og vil gjerne finne ut ting av meg sjølv. Når det gjeld land er det berre ein måte å gjere det på, ler Garfors.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tonga

DEBUT: I Tonga debuterte Gunnar Garfors som scooter-leigar.

Foto: privat

Anar ikkje kor mykje pengar han har brukt

På spørsmål om kor mykje pengar han har brukt på hobbyen sin, vert han svar skuldig.

– Det lurer eg også på. Det har eg ikkje lyst til å vite, men det er vel nesten alt eg har tent dei siste åra, seier Garfors og ler.

Men han understrekar at det er snakk om prioriteringar.

– Eg har ikkje familie, ikkje bil eller hund. Eg bur rimeleg i Oslo, så ved å prioritere har eg klart å få det til, seier Garfors.

Han peikar også på at han bur billeg når han er ute og reiser.

– Einskilde stadar har det kanskje vore litt vel mange kakerlakkar, seier Garfors.

Reiser ein del i jobben

For dei som trur at Garfors har levd livets glade dagar på farten frå sydhavsøy til sydhavsøy dei siste åra, så tek dei feil.

Han har full jobb og er tilsett i NRK, men har sidan 2008 vore leigd ut for å drive dotterselskapet Norges mobil-TV AS og I DAG, ein internasjonal organisasjon for digitalradio og mobil-TV.

– Men det vert mykje reising i jobbsamanheng, seier Garfors.

Han legg til at han har vore flink til å utnytte moglegheitene når han likevel har vore ute og reist i samband med jobben.

– Sei eg skulle til Johannesburg i Sør-Afrika, så dreg eg ned helga før, for då har eg fått betalt den turen av dei som arrangerer konferansen. Og så reiser eg til eit naboland, til dømes Namibia, og betalar det sjølv, seier Garfors.

Marshall Islands

IDYLL: Marshall Island er det femte minst besøkte landet i verda. Men her har altså Gunnar Garfors vore.

Foto: Gunnar Garfors

Tek ei oval helg når sjansen byr seg

Det er nemleg inn og ut av Norge det kostar mykje. Farting mellom land utanlands, treng ikkje vere så dyrt.

– Og så blir eg ofte til helga etter, og dreg då til Lesoto, Mauritius og liknande. Ved hjelp av slike triks har eg klart å strekkje budsjettet litt lenger, seier Garfors.

Han innrømmer at det er litt vemodig å vere ferdig.

– Det kjennest fantastisk bra og vemodig på same tid, for eg får eit kick av å reise. Adrenalinet kjem med ein gong eg kjem til eit nytt land, og det vert ikkje heilt på same måten seinare, seier Garfors.

Men han understrekar at sjølv om han har vore innom alle verdas land, så har han langt ifrå vore alle stadar.

– Det er ikkje slik at eg har sett alt. Så det er mange land eg kjem til å reise tilbake til, seier Garfors.

Er ingen land han ikkje vil reise tilbake til

Sjølv om tidenes målsetjing er oppnådd, er han ikkje framand for nye reisemål.

– Eg har bestemt meg for at det ikkje skal vere eit kvantitativt mål. Men eg elskar å reise, så det kjem eg til å halde fram med. Eg har til dømes aldri vore i Antarktis, seier Garfors.

Han har også fleire stadar i Norge han ønskjer å besøkje.

– For å seie det på ein annan måte; det er ingen land eg ikkje har lyst til å reise tilbake til, seier Garfors.

(Artikkelen held fram under biletet)

Solnedgang

MYKJE VAKKERT: Garfors har knapt tal på kor mange solnedgangar han har fått med seg i forskjellige land.

Foto: Gunnar Garfors

Då det lønna seg med to pass..

Trass i så mykje farting, har han vore heldig og opplevd forsvinnande få kjipe ting. Men litt smøkrøll må ein rekne med når ein reiser så mykje.

Han dreg til ei kvar tid med to pass, det eine har han med seg, og det andre brukar å liggje på ein ambassade slik at han får visum.

Han hugsar godt då han skulle til Malawi, der broren hans jobba for nokre år sidan. Brått gjekk ikkje turen fullt så glatt som han hadde venta.

– Eg synte fram passet mitt, men mannen som skulle stemple sa berre at her var det heilt fullt, seier Garfors.

Han forklarte mannen at det fint var plass på den halve sida bak i boka, og at stempelet umogleg kunne vere så stort.

– Men mannen gav seg ikkje, og nekta plent, og sa at dette kunne eg berre gløyme. Inn i Malawi kom eg ikkje, eg hadde berre til å ta neste fly tilbake der eg kom ifrå, fortel Garfors.

Den stivbeinte byråkratiske mannen vinka han vekk og sa "neste".

Men då drog Garfors opp pass nummer to, med flust av blanke sider.

– Han var så klar til å sende meg ut av landet, og så fekk han den midt i fjeset. Det var litt tilfredsstillande, for å seie det mildt, seier Garfors.

Skal feire med vener og kjende

Vel framme i Kapp Verde skal jorda rundt-bragda feirast. For då Garfors kom fram i natt, var reine velkomstkomiteen på plass.

– Eg er utruleg heldig. Eg har to brør og ei søster som er her, samt åtte-ni venner som er her. Vi skal snorkle, bade og fiske, samt ete god mat og ha det kjekt i lag. Det blir ei feiring i det siste landet, seier Garfors.

Han er utruleg rørt over at så mange har teke turen.

– Det er heilt ufatteleg. Eg er heldig, seier Garfors, som fortel om asurblått hav, nydeleg temperatur og bølgjeskvulp.