Hopp til innhold

Har 59 av verdas største som kundar

Highsoft selde i fjor programvare for nesten 31 millionar kroner til verdas største verksemder. Dei sit att med eit overskot før skatt på 23,9 millionar.

Highsoft AS i Vik

GJER SUKSESS: Vesle Highsoft i Vik har mange av verdas største verksemder på kundelista si.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det spørst om det finst andre norske verksemder som har betre marginar og like mange av verdas gigantselskap som kundar enn det vesle IT-firmaet i Vik, skriv Finansavisen.

Avisa skriv at Highsoft no har 59 av verdas største verksemder på kundelista si. Her finn vi mellom andre Facebook, Visa, Twitter, Mastercard, Citi, Ericsson, Petrobas og AT&T.

Highsoft har utvikla eit program som gjer det enkelt å lage grafar og diagram og publisere desse på internett.

Dei selde i fjor lisensar for i underkant av 31 millionar kroner. Det gav eit overskot på heile 23,9 millionar – ein resultatgrad på over 75 prosent.

No har Highsoft null gjeld, og eigarane har fått tilbod om både kapital og å selje verksemda.

– No har vi ikkje behov for kapital. Vi har ein intensjon om å skape noko meir, og gjerne etablere fleire arbeidsplassar her i Vik. Enn så lenge blir vi nok her, seier dagleg leiar Grethe Hjetland til Finansavisen.

Sjå TV-sak om Highsoft:

Ein snømålar på Vikafjellet var utspringet til det som i dag er ei million-verksemd i Vik. I dag har verksemda Highsoft Solutions fleire av dei største selskapa i verda på kundelista si.