Hopp til innhold

Har 400 kraftverk på vent i Norge

Svært mange utbyggjarar kjem ikkje i gang med småkraftverket sitt på grunn av høge kostnadar og dystre marknadsutsikter.

Knut Olav Tveit

HØG TERSKEL: Knut Olav Tveit i Småkraftforeninga meiner småkraft er som eit kinderegg, men at det er for høg terskel å starte utbygging.

Foto: Småkraftforeninga

– Situasjonen er vanskeleg. Teiknar vi med grov pensel, er det full stopp i småkraftutbygginga over heile landet, seier dagleg leiar Knut Olav Tveit i Småkraftforeninga.

Totalt er 399 prosjekt i Norge på vent. (Sjå fylkesfordeling i eigen faktaboks). Berre i Sogn og Fjordane var det ved årsskiftet 71 små kraftverk i same situasjon.

Det vil seie at grunneigarane har fått konsesjon til å byggje, men at dei av ulike grunnar ikkje kjem i gang med prosjektet.

Trur mange ikkje torer å ta det siste steget

Tveit meiner mykje skuldast ein kombinasjon av høge byggjekostnadar og låge kraftprisar. Utbyggjarane torer rett og slett ikkje å satse.

– Eit småkraftprosjekt som ikkje er lønsamt, vil berre påføre eigaren tap. Og i verste fall konkurs. Difor startar ein ikkje bygging. Terskelen er altfor høg for augneblinken, og det gjer at folk sit på gjerdet, seier Tveit.

– Det er veldig synd. For dette er på mange måtar eit lite kinderegg, bra for klima og lokal forretningsutvikling – og dermed sikring av busetnad ute i distrikta, seier han.

Meiner styresmaktene må ta sin del av skulda

Totalt meiner Småkraftforeninga at fornybar kraftproduksjon nok til 145.000 husstandar årleg går tapt. Berre det siste året har talet på ubrukte konsesjonar stige med 103.

– Styresmaktene gir veldig tunge konsesjonsvilkår som til dømes auka minstevassføring. I tillegg krev dei regionale og lokale nettselskapa veldig mykje pengar for at ein skal få lov til å levere kraft inn i nettet. Nokre stader, som i Sogn og Fjordane, manglar det også nett i det heile teke, seier Tveit.

– På grunn av avgifts- og skattefordelar stikk svenskane dessutan av med det aller meste av det norske forbrukarar betalar inn i den norsk-svenske sertifikatmarknaden. No er det nærast full stopp i småkraftutbygginga i Norge.

Eiriksdal kraftverk

MANGE PÅ VENT: Småkraftforeninga meiner fornybar kraftproduksjon nok til 145.000 husstandar årleg går tapt fordi mange småkraftutbyggjarar ikkje torer å byggje ut. Biletet er frå Eiriksdal kraftverk, som allereie er utbygt.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Departementet: Utbyggjarane må finne gode prosjekt

Politisk rådgjevar Elnar Holmen i Olje- og energidepartementet meiner regjeringa legg til rette for utbygging av fornybar energi gjennom elsertifikatordning, oppgradering og utbygging av kraftnettet og gjennom ei styrka satsing på konsesjonsbehandling.

– Småkraftbransjen har fått svært mykje av det den har bede om av denne regjeringa. Innslagspunktet for grunnrenteskatt er heva, noko som betyr at fleire småkraftverk blir fritekne for denne skatten, og overgangsordninga for elsertifikat er utvida, seier han og legg til:

– Systemet gjer at det er dei beste prosjekta som blir bygd først. Det er opp til utbyggjarane å finne fram til gode prosjekt.

Men Småkraftforeninga er ikkje nøgd.

– Vi må endre dei politiske rammevilkåra for at det igjen skal bli fart på småkraftutbygginga i Norge. Det er viktig av omsyn til klima, men også av omsyn til lokal næringsutvikling i sterke naturressursregionar som på Vestlandet, seier Tveit.