Hopp til innhold

Håper folk vil gi pengar til søk

– Det er så trist at søket etter Ørjan er avslutta, difor har eg oppretta eit fond for å samle inn pengar, seier Astrid Refsdahl Henden i Høyanger.

Astrid Refsdahl Henden

OPPRETTA FOND: Astrid Refsdahl Henden vil at familien skal få ei grav å gå til.

Foto: Privat

27 år gamle Ørjan Brattebø er sakna på Sognefjorden etter at han fall over bord tysdag kveld. Han har truleg falle ut av båten mellom Arnafjord og Finnafjord.

– Det er forferdeleg å miste sonen sin og dersom han ikkje blir funnen, har familien ingen grav å gå til. Det er veldig trist, seier Henden om årsaka til at ho engasjerer seg.

God venninne av mora til sakna

Ulukka vart først meld onsdag ettermiddag då båtføraren, også han ein mann i slutten av 20-åra, kom til land i Vik. Brattebø var busett i Vik, men var opphavleg frå Høyanger.

Henden er ei god venninne av mora til den sakna mannen. Ho tykkjer det er trist at det offentlege ikkje søkjer meir enn det som er gjort. Ho håper dei klarer å samle inn nok pengar til å setje inn eit spesialfartøy som kan søkje i djupna.

– Eg håper vi kan få inn KNM Tyr i leitinga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leiteaksjon etter sakna mann i Sognefjorden.

STORT SØK: Det har blitt søkt i Sognefjorden, førebels utan resultat. No er søket avslutta.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Treng mykje pengar

Båtføraren skal i politiavhøyr ha forklart at dei to var på fisketur. Frå onsdag ettermiddag til torsdag kveld har det vore gjennomført søk frå Balestrand til Vadheimsfjorden på nordsida av Sognefjorden, og frå Vangsnes til Bjordal på sørsida av fjorden. Søket vart avslutta torsdag kveld, og blir ikkje teke opp att utan nye opplysningar i saka.

Henden er ikkje sikker på kor mykje pengar som trengst, men har sjekka med dei som leita etter ein sakna mann i Årdal for sju år sidan.

– Då kosta det vel 70 00- 80 000 kroner i døgnet med KNM Tyr. Det har sikkert blitt dyrare no. Eg håper vi kan få tak i den båten som har utstyr til søk.

Håper folk støttar opp

Ho oppmodar folk i Høyanger og andre stader om å stille opp og gi pengar.

– Eg håper vi får masse pengar inn og oppmodar folk og bedrifter i Høyanger om å vere med å støtte opp. I Årdal kom det inn mykje pengar og dei to bygdene er ganske like samfunn. Det er ei veldig viktig sak å støtte opp om. Det er forferdeleg for dei pårørande å gå med uvisse.

– Har du fått nokon respons?

– Ja, det har eg. Eg oppretta minnefondet klokka tre fredag ettermiddag og det har allereie kome inn pengar, seier ho.

Ørjan Brattebø Minnefond har kontonummer 3705 21 69519.