Hopp til innhold

Håper å opne tunnelen snart

Vegvesenet jobbar for å opne Gudvangatunnelen i neste veke. Ei øving måndag viste at dei framleis har utfordringar på sambandssida. Brannsjefen seier til Sogn Avis at naudetatane ikkje høyrde kvarandre under øvinga. Tunnelen har vore stengd i tre veker etter ein brann.