Hopp til innhold

Har bedd statsråden på besøk for å riste ut meir pengar

Lærdal er langt frå nøgde med dei pengane dei har fått til gjenreising av kommunen etter storbrannen. No håpar dei ministerbesøk i juni vil få fart på løyvingane.

Jan Geir Solheim

VIL SYNE FRAM: Lærdalsordførar Jan Geir Solheim vil syne kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner korleis ting ser ut i Lærdal.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

27. juni kjem kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner til Lærdal.

– Vi i styringsgruppa for gjenreising i Lærdal inviterte han til å besøkje Lærdal, seier Solheim.

Dei ønskjer at Sanner får treffe dei på deira heimebane, og sjå kva utfordringar dei står ovanfor etter storbrannen som herja i Lærdal.

Meiner dei har heilskapleg plan

Trass i lovnadar om hjelp til gjenreising av bygda inst i Sogn, har lærdølene langt frå vore nøgde med alt som har komme. Framleis står det att mykje, og dei økonomiske utfordringane er store.

– Vi har laga ein god og heilskapleg plan for samfunnet vårt. Og så får vi ikkje innfridd behovet for økonomi for å gjennomføre planen, og då er vi ikkje nøgde, seier Solheim.

Lærdal kommune har fått leiar og kompetansestøttet, samt at dei har fått noko pengar til å dekkje utgifter som andre har hatt for å hjelpe Lærdal.

– Og så har vi fått dekt kommunens infrastruktur, altså gatelys, leidningsnett og liknande. Men vi manglar vesentlege delar av den heilskaplege planen som vi har lagt, seier Solheim.

(Artikkelen held fram under biletserien)

Vil ha meir kompetansestøtte

I planane ligg det at ein særleg ønskjer å unngå langtids skadeverknadar på born og unge etter brannen.

– Vi ønskjer å ha følgjeprosjekt for utvikling av samfunnet vårt og bygningsmiljøet vårt. Vi ønskjer også å sjå på ei forsterka brannsikring av trehusmiljøet i vår kommune, som også kan overførast til andre, seier Solheim.

I tillegg ønskjer kommunen å ha meir kompetansestøtte i leiinga av kommunen.

– Det er slitsamt, det som vi no går gjennom, seier Solheim.

Har fått under det halve av det dei har søkt om

Til sjølve gjenreisingsplanen søkte Lærdal kommune om 28 millionar kroner, av dei har Lærdal fått 12–13 millionar.

– Når det gjeld andre tal, så vil eg seie at vi har fått i underkant av det halve av det vi har søkt om. Det er ikkje godt nok, seier Solheim.

No håpar dei eit besøk frå Sanner skal hjelpe til med å få midlane på plass.

– Vi vil forklare godt situasjonen vår, og så vil vi syne han konsekvensen reint fysisk ute i sentrum, seier Solheim.

– Trur du at de får statsråden til å sjå at det trengst meir?

– Eg har tru på at når han vel å ta i mot invitasjonen, så kjem han ikkje tomhendt til Lærdal, seier Solheim.