Hopp til innhold

Håpar skulen kan få bru av forsvaret

Etter flaumen kjem ikkje elevane i Flåm seg lenger til skulen. No ber Fylkesmannen om å få låne ei bru frå forsvaret slik at skulen kan opne igjen.

Øydelagt av flaumen

HARD MEDFART: Brua ved Flåm skule er totalt øydelagt av flaumen.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Flaumen tok fleire bruer langs Flåms-vassdraget. Ei av dei var den 23 meter lange stålbjelkebrua over til området ved Flåm skule.

– Vi håpar å få på plass ei bru på plass så raskt som mogleg, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad.

Vurderer fleire alternativ

NVE må prosjektere ny elveplastring og plassering av elva, før kommunen kan byggje ny bru i området.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand har no skreve eit brev til Forsvaret sitt operative hovudkvarter der han ber om hjelp til å få på plass ei mellombels løysing.

Kommunen ønskjer å låne ei bru i om lag åtte månader. Og eitt alternativ kan vere ei såkalla Bailey-bru, ei flyttbar og prefabrikkert bru, som først vart utvikla av britane under andre verdskrig.

Ordførar i Aurland Noralv Distad seier dei både ser på mellombelse og permanente løysingar.

Noralv Distad

VIKTIG MED BRU: Ordførar i Aurland Noralv Distad seier dei jobbar for å få på plass ei mellombels løysing så snart som råd.

Foto: NRK

– I den samanheng har vi henta inn pris ifrå Statens vegvesen og så er det sendt ein førespurnad til Forsvaret for å sjå kva løysingar dei kan tilby, seier han.

– Viktig med ei løysing som står seg

Den fjerde desember skal Formannskapet ha ein gjennomgang av situasjonen for Flåm skule og kva tiltak som må gjerast før den kan takast i bruk att.

– Men det er ein del vurderingar som må gjerast. Det er viktig at vi gjer ting rett, slik at den løysinga ein kjem fram til står seg. Slik sett kan det lønne seg å bruke litt tid.

– Det er snakk om ei mellombels løysing, kvifor er det då så viktig å finne rett plassering?

– Det er viktig, for det må uansett lagast fundament, seier han.

Omfattande arbeid

Arbeidet med å få opna skulen har teke lengre tid enn kommunen såg føre seg. Mellom anna fordi sikringsarbeidet i elva har vorte meir omfattande enn dei trudde.

I tillegg må vatn og elektrisitet til skulen på plass, og tilkomsten må vere sikker.

– Det er ein god del ting som skal på plass og dette blir det no jobba med, seier Distad.

I dag har elevane fått flytta undervisninga til Aurland barne- og ungdomsskule.

– Det er ei løysing vi må bruke ei god stund framover. Men samstundes er det heilt klart at Flåm skule skal bestå og Flåm skule må kome i gong att så raskt som det er praktisk mogleg.