Hopp til innhold

Ny rapport kan vere redninga for skulen

Kampen for den økologiske skulen i Aurland held fram. No er det kome ein rapport om betydninga skulen har både lokalt og nasjonalt.

Sogn jord- og hagebruksskule

KAMPEN HELD FRAM: Ein ny rapport viser at skulen har stor betyding både lokalt og nasjonalt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Aurlandordførar Noralv Distad håpar staten kan gå saman med fylkeskommunen i eit spleiselag for å få til nødvendige investeringar ved Sogn Jord- og hagebruksskule.

Ny rapport

Kommunen har no fått laga ein rapport som dokumenterer kor viktig Sogn Jord- og hagebruksskule er, og rapporten viser mellom anna at skulen – som er landets einaste heil-økologiske vidaregåande utdanningstilbod – er viktig også nasjonalt.

– Dei store nasjonale miljøa for økologisk landbruk jobbar veldig tett opp mot jordbruksskulen. Så sånn sett kan vi seie at dette er ein skule vi kjenner til i lokalsamfunnet, men han har ei stor stjerne og stor betyding også nasjonalt, seier Distad.

Treng opprusting

Skulen treng opprusting for mellom 50 og 80 millionar kroner for å få bygningane i forskriftsmessig stand, og fylkeskommunen har tidlegare bedt departementet om å bli med på eit spleiselag.

Etter grundig vurdering sa departementet nei, men Distad satsar på anna utfall etter omkamp med ny regjeringa.

– Vi må presentere dette på nytt for statlege styresmakter. Når dei får sett nærare på det spesielt i den politiske leiinga kor stor betyding skulen har for kompetanseutvikling innan økologisk landbruk, så ser eg nytt håp og deter det vi må jobbe med.

– Skulen skal overleve

Fylkeskommunen skal seie sitt om framtida til skulen på fylkestinget i juni neste år, og Distad rapporten som dokumenterer betydninga av skulen både lokalt og nasjonalt skal styrke redningsaksjonen.

– Det som eg vert meir og meir overtydd om jo djupare eg går inni saka, er at denne skule skal overleve, og eg har berre den målsetjinga.

Noralv Distad og Sogn jord- og hagebruksskule

OPTIMISTISK: Ordførar Noralv Distad er overtydd om at skulen skal overleve.

Foto: Silje Immel Slettestøl