Hopp til innhold

Håpar på endeleg obduksjonsrapport neste veke

Politiet håpar den endelege obduksjonsrapporten kjem dei i hende i løpet av neste veke. Dei etterforskar framleis dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) for fullt.

Asle Karoliussen

LEITAR ETTER SVAR: Fungerande regionlensmann, Asle Karoliussen, seier politiet jobbar jamt med å systematisere opplysningane i saka.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det vil nok ta tid før vi har den endelege rapporten, men kanskje i slutten av neste veke, seier fungerande regionlensmann i Sogn, Asle Karoliussen.

Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen død i Barsnesfjorden førre fredag, ikkje så langt frå bustaden sin i Årøy like utanfor Sogndal. Då hadde Stegegjerdet vore sakna sidan tysdag 28. oktober.

Ho vart sist observert 25. oktober, og det vart gjennomført omfattande leiteaksjonar før kvinna vart funnen av ein turgåar i området.

Tida er ein krevjande faktor

Karoliussen understrekar at etterforskingsarbeidet går føre seg for fullt, og at dødsfallet framleis vert etterforska som eit mistenkeleg dødsfall.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

FUNNEN DØD: Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen i Barsnesfjorden fredag for ei veke sidan.

Foto: Privat / NRK

– Vi jobbar jamt og trutt for å kartleggje, men tida er ei enorm utfordring. Når det har gått så lang tid, så slit folk med å hugse. Tida er ein krevjande faktor, seier Karoliussen.

Han understrekar at det tek tid for politiet å kryssjekke alle opplysningar opp mot kvarandre.

– Arbeidet er på ingen måte tona ned. Vi jobbar for fullt for å få oversikt, seier Karoliussen.

Etterforskarane har fått fri i helga

Det vil ikkje bli jobba med saka i helga, men arbeidet startar for fullt att måndag morgon.

– I helga har alle fått fri. Dei har hatt ganske mange timar i veka i det siste, seier Karoliussen.

– Har politiet fått tilgang til det som finst av aktivitet på sosiale medium?

– Vi jobbar med det, men det er ikkje sikkert det er så mykje å hente ut. Det er også krevjande å jobbe med, så det å få ut informasjon er ikkje lett, seier Karoliussen.

NRK har tidlegare fortalt at Stegegjerdet skal ha blitt utsett for trugslar og eit tilfelle av vald før ho forsvann.

Trugsmåla og valden ho vart utsett for skal ha kome frå eit belasta miljø i Sogndal. NRK veit at politiet i Sogn har hatt eit ekstra fokus retta mot ein del personar i Stegegjerdet sin utvida omgangskrins etter forsvinninga.