Hopp til innhold

Håpar ingen ungdomar døyr i mai

Fest og fyll set kvart år sitt preg på mai månad og stadig vekk må politi og ambulanse ta hand om overstadig rusa ungdom. Mangeårig politimann Åge Løseth håpar kvart år at han skal sleppe å oppleve at ungdom misser livet.

Ungdomsfyll

KAN GÅ GALE: Ungdomsfylla set sitt preg på mai. Politiet seier dei ofte må ta hand om overstadig rusa ungdomar.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

– Eg håpar alltid at vi skal unngå dødsfall som følgje av festane desse mainettene, seier lensmannen som fryktar følgjene av både overstadig rusa ungdom, fyllekøyring og vald.

Både politi og helsevesenet er budd på det som kanskje blir ein litt ekstra travel månad. Ein kombinasjon av vår, varme og russefeiring lokkar fleire ungdomar enn elles ut.

Ofte er det i denne perioden at ungdom får sitt første møte med alkohol og rus.

– Mai kan vere ein utfordrande månad for oss. Av og til kan fylla gå litt over stokk og stein, seier Løseth som er lensmann i Sogndal og driftseiningsleiar for politiet i Sogn.

Må rydde opp i fyll og bråk

Månaden vi snart går inn i er for mange prega av fest og fyll. Fleire netter er reine fylleslag, og mange nyttar høvet til å teste ut alkohol for første gong eller strekkje grensene litt lenger.

Sogndal-lensmann Åge Løseth har jobba i politiet i mange år og veit at det fort kan gå gale. Han seier det er tre ting politiet opplever som spesielt utfordrande i denne perioden.

– Ein kan dele problema opp i tre, dette med overstadig rusa personar som ikkje klarar å ta vare seg sjølve, meir promillekøyring og meir vald, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Åge Løseth

HA OMSORG MED KVARANDRE: Lensmann Åge Løseth håpar ungdom tek vare på kvarandre når dei er på fest.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Pass på kvarandre

Mang ein gang har han vore med når politiet har måtte ta hand om ungdomar som har fått i seg for mykje. Liggjande på ein benk eller i ei grøft, ute av stand til å ta vare på seg sjølv.

– Mai månad kan framleis vere kald, og har du fått i deg for mykje og blir liggjande ute om natta, så kan det gå veldig gale, seier politimannen.

Han har ei innstendig bøn til dei unge om å ta vare på kvarandre. Som regel er ikkje ungdomane åleine når dei rusar seg, og med litt omsyn kan ein hindre dei farlegaste episodane.

– Pass på at alle kjem seg trygt heim, ikkje la folk gå åleine dersom dei er veldig fulle. Då hindrar ein at folk blir liggjande ein plass utan at dei blir funne, seier Løseth.

– Kan få katastrofale følgjer

Og han får støtte frå Øyvind Dahle som er dagleg leiar ved AMK på Førde sentralsjukehus. Han seier dei fleire gonger blir kontakta i samband med ungdomar som ikkje greier å ta vare på seg sjølve etter å ha drukke for mykje alkohol.

– Ofte kan det vere vanskeleg for ambulansepersonell og lege og finne ut om dei har drukke for mykje, eller om det er det at dei har slått seg som gjer at dei ikkje er kontaktbare, seier Dahle og legg til:

– Vi ser ofte at når folk drikk så hamnar dei i slåstkamp, eller ramlar og slår seg i hovudet. Begge deler er ting som kan få katastrofale følgjer.

Hjernehinnebetennelse er også noko helsevesenet åtvarar mot i samband med russefeiringa. Medan russen nokre stader er flinke til å nytte seg av tilbodet om vaksinering, er det andre stader mange som vel den vekk.

– Kan drukne i sitt eige spy

Han ber som Løseth om at ungdomen tek vare på kvarandre. Det å bli liggjande i ei grøft åleine etter å ha drukke mykje alkohol kan vere livsfarleg.

– Viss ein spyr og får dette ned i luftvegane kan ein rett og slett drukne. Er det ikkje nokon i nærleiken som kan hjelpe deg, så går det fort gale, åtvarar Dahle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Spy

FOR MYKJE: Mange opplever at mageinnhaldet kjem opp at dersom dei har fått i seg for mykje alkohol. Dersom ein blir liggjande og får spyet ned i luftvegane kan det fort bli veldig farleg, seier Dahle ved AMK.

Foto: Fredrik Hansen / NRK

Meir fyllekøyring og vald

I tillegg til dette er det også andre ting politiet opplever som utfordrande i perioden som kjem. Åge Løseth seier dei mellom anna opplever at køyreadferden endrar seg, og at dei tidvis ser at det blir meir promillekøyring.

– For det første må eg jo berre be folk om å ikkje køyre viss dei har drukke. Det andre er at dei som er passasjerar må seie frå. Be sjåføren stogge, gå ut av bilen dersom ein veit at sjåføren er rusa, seier Løseth.

Politimannen seier dei ofte må ordne opp når folk brakar saman i festlege lag. Løseth seier storparten av valden som politiet må rydde opp i gjennom året er knytt til nettopp rusa personar. Slik er det også i mai.

– Det blir til dels meir av dette, sidan det er fleire enn vanleg som rusar seg, seier Løseth.

Har betra seg

Lensmann i Førde, Jan Egil Tvinde, seier situasjonen med fyll knytt til mellom anna natt til 1. mai har betra seg i fylkets største by dei siste åra.

Tvinde seier situasjonen på slutten av 90-talet var langt verre enn den er no, og seier ein ikkje lenger ser at det kjem ungdom frå heile fylket for å feste i Førde denne natta.

– Dette gjer seg utslag i at vi kan ha betre kontroll på dei som er her, saman med natteravnar og andre som er i sentrum, seier han.

Også han oppmodar ungdom til å ta vare på kvarandre og vere forsiktige.

Håpar på det beste

Øyvind Dahle på AMK håpar det kjem færrast mogleg unge inn på sjukehuset i løpet av festmånaden. Han ber både foreldre og ungdomen sjølve om å tenkje seg litt om.

– Ungdomen kjem nok til å drikke uansett kva foreldra seier, men tek ein vare på kvarandre kjem ein langt. Foreldre kan også gjere lurt i å setje grenser, og reise ut dersom ungdomen kjem heim til avtalt tid, er dei enkle råda frå Dahle.

Løseth går inn i den neste månaden med håpet om at det går bra.

– Heldigvis går det stor sett greitt, men tanken om at det kan gå gale ligg alltid i bakhovet mitt som politimann når vi går inn i denne perioden, seier han.