Hopp til innhold

Har levert i toppen som førsteårssenior – no vil han yppe seg mot dei beste

Gjøran Tefre har hatt ein svært god sesong som førsteårssenior. No håpar han å vise seg fram frå si beste side i kamp med dei beste under NM i langrenn.

Gjøran Tefre

GOD SESONG: Gjøran Tefre har vist svært lovande takter bak dei aller beste norske løparane denne sesongen. No skal han måle krefter med eliten i NM.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Eg har trøbla litt med sjukdom i det siste, men no håpar eg at eg har lagt det bak meg. Forma kjennest bra ut. Eg håpar at eg kan prestere like bra som før i vinter, og kanskje betre, seier Gjøran Tefre.

Førde-løparen er det største håpet frå Sogn og Fjordane under årets NM i langrenn på Røros. Der er førsteårssenioren i spissen for seks løparar frå skikrinsen.

– Det blir eit spennande NM, og særleg spennande blir det å følgje Gjøran, seier administrasjonssjef Yngve Thorsen i Sogn og Fjordane skikrins.

Har hatt ein førsteårssesong over all forventing

Gjøran Tefre var i fjor på det norske juniorlandslaget, men fekk spolert sesongen på grunn av sjukdom. Det enda med at han ikkje fekk seg noko lag å gå for i år.

Dermed måtte han satse åleine, og det har han gjort det remmer og tøy kan halde.

Og det har gått uvanleg godt med tanke på at han er førsteårssenior: På opningsrennet på Beitostølen var han berre minuttet bak vinnaren. Og han har teke topp 10-plasseringar både i norgescup og skandinavisk cup i vinter.

– Ja, det har gått veldig bra. Eg var ikkje i tvil før sesongen om at eg skulle klare å gå gode renn. Samstundes er det mange som pratar om den vanskelege sesongen som førsteårssenior – men for meg har det klaffa bra, og eg har fått markert meg.

Håpar på fullklaff – og god plassering

Torsdag startar NM på Røros, og opningsdistansen er 15 kilometer fri teknikk. Deretter skal Tefre gå sprint på torsdag, skiathlon på laurdag og stafett med Førde på søndag.

– Eg vil først og fremst gå det eg er god for. Hadde vore kjekt å treffe skikkeleg. Då er det lov å håpe på plasseringar litt oppe på lista, seier 20-åringen.

Han slo i desember ein sterk løpar som Anders Gløersen, som helga etter vann verdscuprennet på 15-kilometer i Davos. Men det er ikkje noko Tefre legg vekt på.

– Eg kan ikkje kan ikkje vere naiv og tru at eg kan slåst mot dei som skal gå VM i Falun. Men eg håpar at eg kan vere på skothald. Og kanskje er det lov å drøyme om ein topp 15-plassering. Men eg må ta løpet først, og gjere tinga mine rett. Så får vi sjå på resultata etterpå, seier Tefre.