Hopp til innhold

Han vil bidra, men alt han kan gjere er å vente

Høgt utdanna Moayad Khalil har budd på eit mottak i Jølster i over eitt år, utan å få svar på asylsøknaden.

Moayad Khalil ventar på svar

LIVET PÅ VENT: Moayad Khalil frå Syria vil gjerne bidra i samfunnet, men på mottaket i Jølster kan han ikkje gjere anna enn å vente.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Han skjelv i stemma når han fortel om livet han har levd det siste året.

– Eg føler med ubrukeleg. Eg er berre eit tal for dei, seier Khalil som har ein mastergrad i økonomi og administrasjon som han ikkje får brukt.

Han er ein av mange flyktningar med høg utdanning, som blir sittande passive på norske mottak medan dei ventar på svar på asylsøknaden.

– Alt er utanfor min kontroll. Alt eg kan gjere er å vente, seier Khalil.

Dårleg samfunnsøkonomi
Ann-Magrit Austenå, generalsekretær NOAS

IKKJE IMPONERT: Ann-Magrit Austenå, generalsekretær NOAS, meiner det er dårleg samfunnsøkonomi å la høgt utdanna menneske bli sitjande på vent.

Foto: Pressefoto / NOAS

Generalsekretær i Norsk organisasjon for asylsøkjarar, Ann-Magrit Austenå, er ikkje imponert

– Det er dårleg samfunnsøkonomi at høgt utdanna menneske blir sitjande passive. Det er dårleg integrering og det bryt ned menneske som i utgangspunktet kjem med ressursar som det norske samfunnet kunne hatt bruk for, seier ho.

Austenå kallar asylpolitikken i Norge «ei einsidig prioritering».

– Tre av fire av dei som har kome til Norge i 2015 har stort vernebehov. Storparten av dei skal bli i landet og da må vi prioritera å få dei ut i arbeid, seier ho.

Vart arrestert

Har gitt opp å sjekke posten

UTAN SVAR: Etter eit år på mottaket, utan svar på asylsøknaden, har Khalil gitt opp å sjekke posten.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Khalil flykta frå heimlandet med god grunn. Då han var ferdig med bachelorgraden vart han kalla inn til militæret, men han ønska ikkje å delta. Han vart arrestert, men greidde å rømme. Den arabiske våren kom til Syria og alt vart endra.

Heimbyen Rakka var okkupert av IS, men det var den einaste byen han kunne reise til, sidan han var etterlyst av staten. Her budde han i eitt år, ei tid han skildrar som grufull.

– Eg greidde ikkje å takle det. Dei er galne i hovudet. Eg bestemte meg for å forlate landet.

Tusenvis av saker på vent

Hanne Jendal er leder for asylavdelingen i UDI

MÅ PRIORITERE: Hanne Jendal i UDI seier dei ikkje greier å rekke over alt, med den store flyktningstraumen dei opplever no.

Foto: UDI

Valet hamna på Norge, fordi prosessen her skulle gå fort. Det vart ikkje tilfellet.

– Eg føler at livet mitt vil vere slik det er på mottaket. Eg har ikkje noko håp, seier Khalil.

UDI seier stort arbeidspress gjer at dei må prioritere utsendingssaker og flyktningar som kjem over grensa i Finnmark.

– Vi har mellom 10.000 og 20.000 saker på vent og kan ikkje plukke ut dei som kan ha ein eller annan kompetanse, seier avdelingsdirektør for asylavdelinga i utlendingsdirektoratet, Hanne Jendal.

Ønskjer å bidra i samfunnet

UDI seier det er politiske vedtak som står bak prioriteringane og at dei rett og slett ikkje har nok folk.

– I år er vi bemanna til å klare 11.000 saker. Etter nyttår doblar vi avdelinga, men sjølv då vil vi ikkje greie å handtere alt, seier Jendal.

I dag er det opp mot 20.000 flyktningar som har sakene sine på vent. Og det er ingen som jobbar med dei inntil vidare. Alt Khalil ber om er ein sjanse.

– Det er mykje eg kan gjere for samfunnet. Får eg opphaldsløyve, skal eg gjere min del.