Hopp til innhold

Han vart tidenes høgrekant

Med over 43 prosent av røystene, er lesarane klar i talen: Knut Christiansen er tidenes høgrekant på Sogndal.

Knut Christiansen

TIDENES: Knut Christiansen har bak seg mange år på fotballbana, både som spelar på Sogndal og som baneansvarleg på Fosshaugane.

Foto: Arve Uglum / NRK

Fjalerbuen rista av seg konkurranse frå Ingvar Stadheim og Alexander Ødegaard, som fekk høvesvis 24 og 22 prosent av røystene.

- Det var i grunn overraskande bra, seier 55-åringen.

610 kampar

Christiansen kan sjå attende på 610 kampar for fylkets fremste fotballag. Det er éin kamp mindre enn Asle Hillestad, som har spelt flest kampar for Sogndal.

Frå fjalerbuen kom til Sogndal i 1973 til han la opp i 1992, vart det også 256 mål for kvittrøyene. Eitt av dei i cupfinalen 1976 mot Brann.

- Det er no blitt litt, sjølv om eg spelte både back, spiss og midtbane. Eg byrja som back, og vart flytta fram som spiss. Då eg slutta å score mål, vart eg flytta ned på midtbana. Der vart eg igrunn verande, fortel Christiansen.

Mange kort

Christiansen fortel at det var lett å kome inn i sogndalmiljøet då han kom til bygda som folkehøgskuleelev.

Samstundes som kampane vart fleire, sanka fjalerbuen også mange kort med sin tøffe og direkte spelestil.

- Det vart veldig mange gule kort, og fekk vel eitt raudt kort for munnbruk. Eg la ingenting imellom når det stod på. I 90 minutt var eg nok ein lettantenneleg spelar, men det gav seg då kampen var ferdig, ler han.

Torvanger og Nilsson

Christiansen er den sjette spelaren som er stemt fram på tidenes Sogndal-lag. Neste posisjon det blir røysta på er sjølve hjarte i laget. Der skal 11 kandidatar bli til dei to beste spelarane sentralt på midtbana.

Tidenes høgrekant har sine eigne favorittar:

- Eg har ein forkjærlighet for Atle Torvanger og Rhonny Nilsson, seier han.

Laget så langt (4-4-2): Terje Skjeldestad, Petter Melchior, Asle Hillestad, Arild Førde, Gunnar Sigmar Håre, Knut Christiansen