Dei fekk ein sjekk på 10.000 kroner kvar og diplom på eit arrangement i Bergen.
Terje Uglum Lindstrøm har heilt sidan han vart lærling jobba hos Veidekke Entreprenør, avdeling Sogn og Fjordane. For tida arbeidar han med støyping av pumpehus for Nystar på området til Hydro i Høyanger.
«Terje er engasjert og positiv og har vist stor interesse for betongfaget. Han har vist ei svært god utvikling, særleg når det handlar om HMS, forskaling, armering og utstøyping med betong», skriv arbeidsgjevaren.
Veidekke meiner Terje er så dyktig at han kunne teke fagprøve etter berre eitt år.
– Det er ei stor ære, og eg er både stolt og takknemleg for prisen, seier prisvinnaren.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: