Hans-Petter Gilleshammer - SLO TIL PÅ OPPLØPSSIDA: Hans-Petter Gilleshammer frå Kjølsdalen sikra seg 5000 reisekroner. - Foto: Stig Høynes /

SLO TIL PÅ OPPLØPSSIDA: Hans-Petter Gilleshammer frå Kjølsdalen sikra seg 5000 reisekroner.

Foto: Stig Høynes

Han vann reisegåvekortet

Likar du fotballtipping? Prøv deg på tippekonkurransen vår!

For sjette året på rad har NRK Sogn og Fjordane arrangert fotballtipping. Samanlagtvinnaren får eit reisegåvekort på 5000 kroner, kvar veke blir det sendt 10 Flax-lodd til den som har flest rette.

Samanlagtsigeren og 5000 reisekroner gjekk til Hans-Petter Gilleshammer frå Kjølsdalen. Han klinka til med fullt hus i siste serieomgangen og passerte Kristen H. Heggedal frå Bryggja, som hadde eitt poengs forsprang etter 21 rundar. Men han måtte nøye seg med fire rette. Dermed kunne postbodet frå Kjølsdalen strekkje armane i veret og juble over eit tilskot til reisekassa si.

Siste flaxloddvinnar for året

I den 22. og siste runden var det sju kampar. Ni tipparar prikka inn alle sju. Av dei trekte vi ut Terje Bjelle frå Sogndal som vinnar av flaxlodda. I tillegg var det 30 tipparar med seks rette, så denne gongen var det mange som trefte godt.

Her er samanlagtlista når fotballtippinga er slutt for i år:

  • Hans-Petter Gilleshammer 115 rette
  • Steinar Langedal 114 rette
  • Kristen H. Heggedal 113 rette
  • Stig Høynes 113 rette
  • Geir Lefdal 112 rette
  • Snorre Klungsøyr 112 rette
  • Andreas Torvanger 110 rette
  • Ottar Refvik 108 rette
  • Rune Veum 108 rette
  • Odd L. Drabløs 107 rette
  • Rune Henjesand 107 rette
  • Magnar Isene 107 rette
  • Bjarte Sølvberg 106 rette
  • Helge Haugland 106 rette
  • Asle Hopland 105 rette
  • Karsten Sæten 105 rette
  • Lars Tore Støldal 104 rette
  • Kai Henning Slinde 104 rette
  • Arild Hjelmeland 104 rette
  • Lars Einar Torsnes 102 rette
  • Åse Førde Isene 101 rette
  • Arne Helgheim 101 rette
  • Magnar Skaare 101 rette
  • Erik Brendefur 101 rette
  • Adrian Helgheim 100 rette
  • Asgeir Torvanger 99 rette
  • Idar J. Skogli 98 rette
  • Morten Løvik 97 rette
  • Ragnvald Reed 97 rette
  • I alt er det 708 som har sendt inn tips ein eller fleire gonger.
  • LES OGSÅ: Lars Lefdal vann fotballtippinga | Snorre Klungsøyr vart beste tippar | Steinar vann fotballtippinga | Geir Inge vann fotballtippinga

Tornado Måløy - Her jublar Tornado Måløy etter eit mål i 1. kvalikrunde i NM-cupen. I helga ventar første seriekamp i årets 3. divisjon. - Foto: Stig Høynes /

Her jublar Tornado Måløy etter eit mål i 1. kvalikrunde i NM-cupen. I helga ventar første seriekamp i årets 3. divisjon.

Foto: Stig Høynes

Politiet applauderer forslaget om å kutta både i talet på politidistrikt og lensmannskontor. 
Men dei ser samstundes at sentraliseringa kan bli utfordrande...
Turistforeningshyttene rundt om i landet førebur seg på storinnrykk no når sommarsesongen snart er i gang.
Det betyr at enkelte må leggja ned fleirfoldige timar i dugnadsarbeid for å få alt på stell.
Og denne veka har ein liten gjeng gått til Skogadalsbøen i Luster på hyttedugnad.
Marius Vedvik slo ein 35 år gammal rekord på 5000 meter. Foto: Alf Vidar Snæland.