Hopp til innhold

Han skulle berre sjøsette båten...

Det gjekk ikkje heilt etter planen for den uheldige tyskaren som skulle sjøsette båten i Askvoll i dag.

Uheldig tyskar i Askvoll

UFLAKS: Ein tysk turist står til livet i vatn ved sidan av båten – og bilen – han nettopp har sjøsett.

Foto: NRK-tipsar / NRK

I det strålande solvêret låg alt til rette for å nyte båtlivet på fjorden. Den tyske turisten hadde rigga seg opp i strandkanten med båten festa trygt på ei vogn bak på bilen.

Men då han skulle sette i revers må noko ha tydelegvis ha gått gale.

– Han skulle sjøsette båten, men så for bilen og heile pakka, seier eit augevitne til NRK.

Han kom til staden like etter hendinga. Då hadde turisten fått festa bilen med eit tau for å hindre den i å søkke ytterlegare. Seinare fekk han hjelp frå ein bergingsbil til å dra Mercedesen opp att på land.

Om reisefølgjet mista lysta på å halde fram båtferien etter episoden, det seier historia diverre ingenting om.