Hopp til innhold

Han reparerer gjerne det andre vil kaste

Ei elektrisk sag, ein plenklippar og ein sykkel. Du kastar det kanskje når det er utslite. Andre ser verdien - og reparerer det.

Magne Håvåg

MILJØVENLEG: Magne Håvåg meiner vi kastar for mykje. I hans verd kan det meste reparerast.

Foto: Bård Siem / NRK

Magne Håvåg driv firmaet Multimann Leikanger der hovudaktiviteten er ulike typar byggje- og vedlikehaldsoppdrag. Mellom anna byggjer han både hus og naust, i tillegg til ein god del sveising og anna førefallande reparasjonsoppdrag.

Håvåg er ein praktisk mann, og når han er ute på oppdrag tek han gjerne med seg heim ting han gjerne kan reparere eller bruke delar frå på meir hobbybaserte oppgåver. Han har og avtale med fleire firma som tek kontakt med han når dei har produksjonsutstyr dei vurderer å kaste.

– Alltid noko spennande

NRK Sogn og Fjordane møter han tilfeldigvis på miljøstasjonen på Skei, der han blant anna har kome over ein sykkel han fekk av eigaren, før den gjekk i conteineren.

– Det er alltid noko spanande som er fullt bruktbart. Det er utruleg kva enkelte kastar, seier han.

Spør gjerne

Håvåg understrekar at han ikkje reiser rundt på miljøstasjonane og tek med seg avfall.

– Men når eg sjølv tilfeldigvis er på stasjonen for å kaste avfall, og ser folk som kjem inn med ting eg kan nytte meg av, spør eg gjerne om eg kan få gjenstanden før den hamnar i conteineren.

Høyr reprotasjen

Av sykkelen Håvåg fekk skal hjula brukast på ei vogn han har under bygging.

– I samband med at eg reiser rundt i fylket tek eg på meg ulike typar reparasjonsoppdrag. Eg fiksar det meste, seier han med eit smil.

Du er altså ein ekstrem "handyman"?

– Ja, enkelte vil kalle meg det. Eg har alltid likt å fikse ting. Det har nok med interesse å gjere, seier Håvåg.

Beklagelse

Du har no lese ein redigert versjon av av den opphavelege nettsaka med Magne Håvåg. NRK Sogn og Fjordane beklager at vi gjennom biletbruken og gjennom at vi slapp til to miljøverksjefar, som på generelt grunnlag var kritiske til folk som på eigahand henta avfall på miljøstasjonane, har framstilt Håvåg på ein feil måte.