Hopp til innhold

Han har hatt to ulike identitetar

Sogndal-spelaren Mohammed Sesay har operert med to ulike identitetar etter at han kom til Norge. No er han i alvorleg trøbbel.

Mohammed Sesay

SESAY ELLER SIMBO? Etter å ha vore kjend som Mohammed Sesay i Sogndal, viser det seg at spelaren også har ein identitet som David Simbo.

Foto: Rune Fossum

Etter mykje om og men rundt fotballframtida til Sogndals Mohammed Sesay, er det klart for ein ny runde med komplikasjonar.

19-åringen frå Sierra Leone har nemleg operert med to identitetar etter at han kom til Norge i 2008.

- Hadde ikkje venta dette

I 2008 kom han til Norge som David Simbo, men då han seinare same år søkte om politisk asyl, gjorde han det under namnet Mohammed Sesay.

Samstundes byrja han å spele for Raufoss i 2. divisjon. Der gjorde han det så bra at Sogndal henta han til klubben i vinter.

- Som spelar er han veldig god. Og som type er han nok den eg hadde venta dette minst av. Men i den desperasjonen han sikkert var i, har han mest sannsynleg gjort noko veldig uheldig, seier sportssjef Trond Fylling til NRK Sogn og Fjordane.

Avslørt under behandling av søknad

No har situasjonen blitt svært så komplisert - både for klubb og spelar.

For med på kjøpet fekk songdal ein avslått asylsøknad, som gjorde at den nye spelaren måtte returnere til heimlandet Sierra Leone for å søke om arbeidsløyve i Norge.

- Første gong han kom til landet i 2008 - lenge før vi kom i kontakt med han - hadde han eit anna namn enn då han søkte om asyl første gongen, forklarer Fylling.

Det var under behandlinga av asylsøknaden at den falske identiteten kom for dagen.

Vil hjelpe spelaren økonomisk

No blir 19-åringen verande i heimlandet på ubestemt tid. UDI har ikkje avslutta saka, og Fylling veit ikkje om det er mogleg å få spelaren godkjent for spel i Norge nokon gong.

- Slik eg tolkar det no, må han gå ei heilt ny runde med den første identiten. Det gjer at saka er veldig komplisert, seier Fylling.

- Men han har heilt sikkert handla i desperasjon for å komme seg til Europa. Vi må setje oss litt inn i situasjonen hans før vi dømmer han nord og ned. Og vi kjem til å hjelpe han økonomisk så lenge vi føler det er eit reelt håp om å få han tilbake, seier TRond Fylling.