Hopp til innhold

Håkon har 850 roser - gjett kva folk kallar han...

Håkon Osland i Bjordal har 850 roser i hagen, fordelt på 300 rosesortar. Ikkje rart folk kallar han Rosenes konge.

I rosehagen

MYKJE STELL: Håkon Osland har nok å hengje fingrane i.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Eg har vel ein av dei største rosehagane på Vestlandet, seier Osland.

Lidenskapen hans for roser er stor, naturleg nok.

– Eg tykkjer roser er nokon av dei finaste blomane som finst. Dei fleste av rosene remonterer, altså dei byrjar å bløme og så held dei fram heile hausten. Eg har faktisk opplevd å plukke inn rosebukettar til nyttår, seier Osland.

Får stadig besøk av folk han ikkje kjenner

Og har ein 850 roser, så går det ikkje umerkt hen. Folk som køyrer forbi, legg merke til hagen til Osland. Og då er vegen kort til eit spontanbesøk.

– Det er sikkert fleire hundre som har vore innom og sett på hagen min, og det er folk som eg aldri har sett før. Til og med tyske turistar kjem oppom og ser på hagen, seier Osland.

Han har ingen spesiell favoritt blant rosesortane, men må han velje seg ei, så er han klar på kva for ei det blir.

– Roter Corsar og Brilliant Corsar. Det er typar det burde vore planta meir av her på Vestlandet der vi har ein del nedbør og varierande temperaturar, seier Osland.

Raude roser

VEL HARDFØRE SORTAR: - Det er viktig å tenkje på kor rosene skal vekse når ein vel type, seier Håkon Osland.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Og fleire roser skal det bli

I hagen sin har han roser av alle slag, både bunndekkarar, klatreroser, klaseroser og stilkroser.

– Det er lurt å satse på roser som toler vêret, nedbøren og frost godt, seier Osland.

Men roser gjer seg ikkje sjølv. Og med hausten i anmarsj, er det nok å hengje fingrane i. Osland deler gjerne eit tips eller to.

Håkon Osland

FINT: - Roser er noko av det vakraste eg veit, seier Håkon Osland.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– No må folk passe på at det ikkje vert holer der det samlar seg vatn. Ein kan også fylle på jord oppover rosestammane, for det hjelper også, seier Osland.

Og viss du trur hagen hans er ferdigplanta, tek du feil.

– Eg har eit lite parti som skal plantast i her, og der går det nok 60–70 roser. Så det blir meir, seier Osland.