Hopp til innhold

Harastølen forfell grunna hærverk

Gamle Lyster sanatorium på Harastølen i Luster står og forfell. Ungdom driv med hærverk, og energiselskapet Tinfos AS, som eig eigedomen, er ikkje interesserte i det gamle sjukehusbygget.

– Det er klart det er trist. At folk er her er ikkje det største problemet. Men hærverket og pøblinga skjer svært hyppig, og det er eit stort problem seier Kåre Egil Fuhr.

Han er vaktmeister og oppsynsmann på Harastølen, og jobbar frivillig med vedlikehald av eigedomen for Tinfos AS. Det ligg mange timars arbeid bak kvart år.

Når eg set opp eit nytt vindauge er det ofte knust ei veke seinare. Før påske sette eg opp to nye vindauge i tredje etasje, og etter påske var begge knuste att. Det er hærverk konstant, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hærverk på Harastølen

HÆRVERK OVERALT: Det gamle sjukehusbygget har sett betre dagar. Hærverket finn ein på heile eigedomen.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Den siste tida har han gjeve opp kampen mot menneskelege inntrengarar.

– Det er motlaust. Det ser ut til at det er om å gjere mest mogleg hærverk. Dei har teke det så langt at dei til og med har fyrt opp bål inne på romma. No spikrar eg opp plankar berre for å halde dyra ute. Når nokon bryt seg inn og knuser vindauge, så forvillar dyr seg inn, og det kan ende fatalt for dyra. Det er ein enorm bygning, og dyra vil svært ofte ikkje kome seg ut att, seier Fuhr.

Farleg å dra opp

Vaktmeisteren åtvarar òg folk mot å dra opp. Bygget er i dårleg stand, og farane lurer både ute og inne.

– Takstein ligg laust utan sikring, og store murpussflak flassar av heile tida. Alle som beveger seg langsmed veggen kan utsetje seg sjølv for livsfare, fortel han.

– Dei risikerer særleg mykje dersom dei vel å bryte seg inn. Somme stader er det kun golvbelegget som held ting saman, og då seier det seg sjølv at det er farleg.

– Men det verkar som om dei ikkje forstår, seier han oppgitt.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Harastølen forfell

SJÅ VIDEO: Harastølen forfell grunna hærverk og manglande vedlikehald.

Alle overtramp vert meldt til politiet

– Me melder alt eventuelt hærverk og innbrot som me klarer å registrere til politiet. Allereie har me ein del namn og bilnummer som me har levert til politiet. Diverre har ikkje politiet klart å fylgje opp dette, meiner administrerande direktør i Tinfos, Tor Syverud.

Lensmann i Luster, Asle Olav Karoliussen, vedgår at hærverket på Harastølen er eit stort problem, men meiner dei ikkje har fått mange formelle meldingar frå Tinfos.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harastølen i forfall

HARASTØLEN I FORFALL: Murpuss flassar av, og folk knuser ruter og dører.

Foto: Raymond Lidal / NRK

– Her og no ser eg berre éi melding i 2003 og éi i 2007. For å fylgje opp hærverk og innbrot treng me fleire formelle meldingar, men eg ser òg at me kan gjere meir sjølve. Me må setje oss ned saman med kompetente myndigheiter og vurdere kva som må gjerast, seier han.

Framtida til bygget usikker

Slik stoda er no, er det ingen som planlegg noko som helst på Harastølen, og tida byrjar å renne ut, meiner Tor Syverud. Tinfos kjøpte det i 2005 grunna fallrettar og energiutvinning, men er ikkje interesserte i bygget.

– Me har lenge prøvd å finne interessentar som kan ta over bygget og området rundt, men me har enno ikkje klart å få tak i nokon, seier han, og held fram:

Ivar Kvalen, ordførar i Luster kommune

VIL HA AKTIVITET: Ordførar i Luster kommune, Ivar Kvalen, ynskjer alle prosjekt på Harastølen velkomne.

Foto: Luster kommune

– Det er eit svinnande håp diverre. Ein må ta innover seg at konstruksjonen har stått til forfall lenge, og det er usikkert kva som kan reddast. Men om nokon har pengar til det, har eg framleis trua på eit prosjekt der oppe.

Luster kommune har lenge håpa at noko kan kome i gang på Harastølen, og peikar på potensialet til eigedomen.

– Det er nærliggande å tru at noko innan reiseliv og turisme kan vere aktuelt. Det er jo ein veldig fin stad med lett tilgang til både fjord og fjell, seier ordførar i Luster, Ivar Kvalen.

– Me i kommunen er litt utålmodige no, og vonar at noko kan skje på Harastølen, avsluttar han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Mange planar, men ingen aktivitet

Bygget vart reist i 1902 som sjukehus for tuberkulosepasientar. Det var blant dei største i heile Noreg, og kosta til saman 777 000 kroner – ein enorm sum i dei dagar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harastølen

LANG HISTORIE: På Harastølen har det vore tuberkulosesjukehus, psykiatrisk sjukeheim og asylmottak.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

På 50-talet fann ein gode medikament og vaksinar for tuberkulose, og storheitstida var over. Etter dette vart det psykiatrisk sjukeheim og asylmottak, før det vart folketomt, og forfallet starta.

Harastølen ligg idyllisk til høgt over Luster, noko som har skapt mange idéar til vidare satsing på eigedomen. Det har vore snakk om både turisme, hotell og kloster for buddhistar, men ingenting har kome i mål grunna store kostnader.