Hopp til innhold

Vart fråstolen leverpostei og majones - no berre ler han av heile innbrotet

Den svoltne innbrotstjuven som tok seg inn på matrommet hjå Fretland Bygg i løpet av natta, har plukka med seg leverpostei og majones. Men skinkepakken ville han ikkje ha ...

Svolten innbrotstjuv i Lærdal

HER KOM HAN INN: Butikksjef Odd Inge Mo må berre le av det litt spesielle innbrotstjuveriet.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Då dei tilsette ved Fretland Bygg tok lunsj fredag, gjekk dei som normalt til matrommet for å finne brød og pålegg i kjøleskåpet. Men i kjøleskåpet var det langt mellom godbitane.

– Det har forsvunne diverse mjølk og pålegg frå kjøleskåpet vårt i løpet av natta. Då vi skulle ete lunsj i dag, vart vi forundra over at vi ikkje fann att pålegget vårt. Vi var sikker på at vi hadde det då vi avslutta lunsjen i går, seier Odd Inge Mo, som er butikksjef ved Fretland Bygg i Lærdal.

Tok leverposteien og majonesen

Svolten innbrotstjuv Lærdal

SVOLTEN: Alt tjuven stal var litt pålegg og mjølk frå kjøleskapet på lunsjrommet.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Ved nøyare ettersyn, fann karane på lunsjrommet ut at tjuven slett ikkje hadde tømt alt som var i kjøleskåpet.

– Det mangla leverposteien og majonesen min, og så mangla det ein mjølkeliter til ein annan i butikken, og det mangla ei påleggspakke til tredjemann, fortel Mo.

I tillegg har den svoltne tjuven teke med seg ein fem-seks kaffiposar frå ei skuffe på lunsjrommet.

Men kjøleskåpet var langt frå tomt.

– Nei, han har plukka ut det han har hatt lyst på, ser det ut for. Han var tydelegvis ikkje nøgd med skinkepålegget mitt, for det stod att, ler Moe.

Manglar ingenting anna

Då tjuveriet vart oppdaga i lunsjen, vart karane langt meir uroa for at andre og meir verdfulle saker var stolne. Men den gong ei.

– Nei, dei har ikkje vore nokon andre stadar. Vi har alarmanlegg i butikken, og tjuven har berre vore på matrommet. Hadde han gått ut i korridoren, hadde alarmen i bygget gått, seier Mo.

Dermed lurte dei fælt på korleis tjuven hadde komme seg inn.

– Vi har ein liten balkong utanfor matrommet, så etter ei stund, gjekk ein av oss ut der, og fann ut at nokon hadde fjerna listene til vindauget frå utsida, seier Mo.

Når ein er så svolten at ein gjer så mykje arbeid for ei halv pakke leverpostei og ein påteken mjølkeliter, så får ein nesten berre unne han det.

Odd Inge Mo

Tjuven har dermed gjort seg flid. Først har han klatra opp på balkongen med stige, så fjerna glaslistene, lirka ut vindauget, og så sett glasruta pent på plass att etter seg, etter å ha gått ut verandadøra.

– Listene ligg fint på golvet på verandaen, seier Mo.

Mykje arbeid for lite

– Det høyrest ut som mykje arbeid for litt leverpostei og majones?

– Ja, det gjer i grunn det. Men han har vel vore svolten, seier Mo.

Innbrotet må ha skjedd i løpet av natta, for siste person som var i bygget om lag klokka 20.50.

Liknande innbrot har ikkje Mo vore borti.

– Nei, ikkje på denne måten. For nokon år sidan hadde vi innbrotsforsøk, men det vart det ikkje noko av, seier Mo.

Dei har sjekka nøye, men har ikkje funne at noko anna manglar.

Må nesten unne han det

– Nei, det er vi rimeleg trygge av, seier Mo.

Han kan nesten ikkje anna enn å le når det gjekk som det gjekk.

– Det går an, det. Når ein er så svolten at ein gjer så mykje arbeid for ei halv pakke leverpostei og ein påteken mjølkeliter, så får ein nesten berre unne han det, ler Mo.

Denne type innbrot er ikkje kvardagsmat, heller ikkje for politiet.

– Nei, det er vel heller sjeldan at vi opplever denne type ting, stadfestar Per Tommas Klingenberg ved Lærdal lensmannskontor.