Hopp til innhold

Her dansar dei bryllaupsvalsen i ein lavvo i Vik

– Det var absolutt ikkje slik eg hadde sett føre meg bryllaupet mitt når eg var liten, men det vart heilt fantastisk, seier brura Nora Liebich Bø.

Laurdag 13. juli gifta Tore Bø og Nora Liebich Bø (tidlegare Liebich Rise) seg i Vik i Sogn. Brudgomen har slekt i Vik, og då bestemde dei seg for at bryllaupet skulle stå i Sogn.

Olav Arnar Bø er onkelen til brudgomen og har sett opp to store lavvoar – ein trelavvo og ein i stoff – på familiegarden i Vik

– Me tykte det var kjempefine bygg, so då fann me ut at me ville bruka dei, seier Nora.

– Intimt og godt

Sjølve vigsla vart heldt i trelavvoen, medan ein trerettars middag, kaffi og kaker og nattmat vart servert i stofflavvoen som er litt større. Og det vart trongt nok for dei 71 gjestene og brudeparet.

– Me fekk akkurat plass til alle, so ein kan vel seia at det var intimt og godt der inne.

Utover kvelden vart det fest og musikk i begge lavvoane.

– Det er litt typisk oss å gjera noko som so mange andre ikkje ville gjort. Folk har sagt til oss at det var ein minnerik kveld som absolutt skilte seg ut frå andre ting dei hadde vore med på, seier Nora.

Kortreist lavvo og kortreist mat

Det er Olav Arnar Bø som eig garden og lavvoane. Han tykkjer det var stas at nevøen ville feira bryllaupet sitt der.

– Det var kjempestort, heilt fenomenalt. Det var so høgtideleg, fint og med ein fantastisk seremoni.

Lavvoane er rundt 10 meter i diameter. Stofflavvoen kan monterast opp og ned, medan den i tre er meir permanent – og heilt ny.

– Stofflavvoen har blåst ned før, so då fann me ut at me måtte ha noko meir permanent. Me har jobba med den i tre i fire år no, og alt er heimelaga. Skogen er frå eigen skog, trea er saga sjølv og den er sett opp sjølv, seier onkel Bø.

Også det meste av maten var so kortreist som omtrent går an å få til.

– Me slakta ei kyr på garden og både grønsaker og poteter kom også her ifrå, seier han.

Bryllaupsreise i telt

Brudeparet bur til vanleg i Bergen, men skal flytta til Hyllestad i august. Før den tid skal dei på bryllaupsreise, men kor dei skal har dei endå ikkje bestemt.

– Me har ingen konkrete planar. Me skal pakka teltet i bilen og reisa dit me føler for, seier Fru Bø.