Hopp til innhold

Markerte gruveprotest med sjømatbord

I dag er gruvemotstandarar samla i Førde for å markere motstand mot det planlagde sjødeponiet i Førdefjorden.

Gruveprotest
Foto: Eirik Hildal / NRK

– Eg er glad i fjorden vår, seier Anne Leknes Gryte.

Ho kjem frå Kvammen i Askvoll kommune, på motsett side av fjorden frå Vevring og Engebøfjellet i Naustdal, der gruveselskapet Nordic Mining har fått løyve til å utvinne 250 millionar tonn rutilmalm.

Men dei store protestane har oppstått som følgje av det som ligg midt mellom dei to bygdene: Førdefjorden. Regjeringa har gjeve gruveselskapet løyve til å dumpe 250 millionar tonn gruveavfall, med kjemikaliar, i fjorden.

– Vi har vakse opp der, og vil behalde fjorden med reint vatn og fisk i fjorden. Vi vil ha eit liv der slik det alltid har vore, seier Leknes Gryte.

Inge Årdal og Anne

MØTTE OPP: 150 arbeidsplassar er lite i eit 50-års perspektiv, meiner Inge Årdal, her med sambuar Anne Leknes Gryte ved sida av seg og barnet deira på armen.

Foto: Eirik Hildal

– Ikkje overtydde av gruvetilhengarane

Tidlegare meiningsmålingar har vist at eit knapt fleirtal i regionen er mot gruvedrift. I dag er ei stor gruppe samla ved Utstillingsplassen i Førde, for å demonstrere mot sjødeponiet i Førdefjorden

Inge Årdal er på plass saman med sambuar Anne Leknes Gryte, og seier han protesterer av fleire grunnar.

– Anne kjem frå Kvammen og vi ser fleire ulemper med støy, støvplager og utslepp, og ikkje minst med utslepp til fjorden. Vi er ikkje overtydde om at det er så roseraudt som dei som vil ha deponi skal ha det til, seier han.

– Du må vege arbeidsplassane opp mot eit jamt sig med kjemikaliar ut i ein fjord over 50 år. Då synest eg 150 arbeidsplassar er lite, seier Årdal.

1. mai og protest mot arbeidsplassar?

Førde Arbeidarparti er motstandarar av sjødeponi. I midten av mars gjorde nokre av lokallaga eit forsøk på å snu Sogn og Fjordane Arbeidarparti til å seie nei til sjødeponi. Dei lukkast berre nesten.

Leiar i Førde Ap, Thor Erlend Mehammer, held likevel fram kampen, og er til stades på gruveprotesten.

– Eg oppfattar all kunnskap som at sjødeponi er dårleg og drepande. Vi må beskytte dei arbeidsplassane vi allereie har der ute. Vi er for gruvedrift, men vil ha det på ein fornuftig måte og konsekvensutgreie andre alternativ.

– Ser paradokset i å seie nei til fleire hundre arbeidsplassar i samband med gruvedrift på arbeidarane sin dag?

– Arbeidsplassane som kjem der ute kjem på grunn av gruvedrift, ikkje sjødeponi. Så vi seier ikkje nei til ein einaste arbeidsplass, seier Mehammer.