Hopp til innhold

Grunneigarane står fast på sitt

Grunneigarane i Myklebustdalen i Bremanger aksepterer ikkje at Statnett skal få starte opp igjen arbeidet i Myklebustdalen, utan at det ligg føre nokon avtale mellom grunneigarane og Statnett.

Myklebustdalen
Foto: NRK

Sidan juni har Statnett sitt arbeidet på Ørskog–Fardal-lina i Myklebustdalen. Statnett har gått til Namsmannen for å få tilgang til Myklebustdalen.

– Rettsavgjerda i Gulating lagmannsrett om Myklebustdalen er og bindande for namsmannen. Det seier Magne Revheim som er advokat for grunneigarane i saka mot Statnett.

– Grunneigarane sitt standpunkt er at det ikkje er noko nytt i saka, det er det same gamle vedtaket som er sendt til namsmannen. Når saka er rettskraftig avgjort i lagmannsretten, så kan ikkje namsmannen ta sak til ny handsaming.

– Det kan eg ikkje kommentere, det får vente til vi har fått halde tvangsforetning. Det seier namsmann Hans Rune Strandos

Villege til å møte Statnett

Når Namsmannen blir kopla inn i saka er det fordi grunneigarane og Statnett ikkje har komme fram til ei avtale om kompensasjon, og at Statnett ønskjer å starte opp arbeidet før ei avtale er klar. Dette kan selskapet ha rett til med argument om at det er i samfunnets interesse.

– Grunneigarane er villege til å møte Statnett dersom dei ynskjer samtalar om saka, seier Revheim.

– Eg har sagt det før og eg gjentar det gjerne at det vil vere fornuftig om partane snakkar med kvarandre. Slike samtalar har det ikkje vore så langt.

Open for dialog

Irene Meldal

POSITIV TIL MØTE: Irene Meldal er kommunikasjonssjef i Statnett region vest.

Foto: Statnett

I Statnett seier Kommunikasjonssjef i region vest, Irene Meldal, at dei aller helst ynskjer å oppnå ei minneleg løysing.

– Vi er positive til å møte grunneigarane, og forsøker framleis å få til ein dialog, men dersom ikkje det lukkast så blir det namsmannen.

– No er det ein formell prosess som Statnett har sett i gang og den har grunneigarane svart på, på ein formell måte, seier Revheim.

Namsmann tar sikte på å halde tvangsforetning løpet av november. Vedtaket til Namsmannen kan ankast vidare til Namsretten