Hopp til innhold

Nordfjordfirma signerte storkontrakt på Sunnmøre

Verksemda ReNorway i Eid vann storkontrakten om å utvikle fjernvarmeanlegg i Ulsteinvik. – Det er på ein måte gjennombrotet, jublar gründer og dagleg leiar Stephan ter Stege.

ReNorway signerer millionkontrakt med sunnmøringar.

MILLIONGLIS: Øyvind Amdam (dagleg leiar Ulstein Fjernvarme AS), Stephan ter Stege (dagleg leiar ReNorway AS), Tøger Lien (aksjonær/styremedlem ReNorway AS) set signaturen på kontrakten.

Foto: ReNorway

Kontrakten med Ulstein Fjernvarme vart underskriven fredag og betyr 15 millionar kroner for den verksemda med seks tilsette i Eid.

ReNorway skal utvikle tekniske løysingar for å drifte fjernvarmenettet i Ulstein. Eit anlegg som har mykje til felles med fjordvarmeanlegget i Eid.

– Det er sjølvsagt fantastisk for oss å få byrje med store prosjekt. Dette er på ein måte gjennombrotet og noko vi treng, seier Stephan ter Stege.

15 energisentralar

Øyvind Amdam og Stephan ter Stege gler seg til å kommei gang.

GLER SEG: Øyvind Amdam og Stephan ter Stege gler seg til å komme i gang med FoU-arbeidet.

Foto: ReNorway

Prosjektet dei no gir seg i kast med er eit såkalla FoU-prosjekt, eit forskings- og utviklingsprosjekt, der også Innovasjon Norge medverkar med midlar.

Fjernvarmeanlegget er eit sentralt punkt i Ulstein kommune sine ambisiøse mål om å redusere klimagassutsleppa. Verksemda i Eid skal byggje tre av 15 energisentralar for å hjelpe dei på vegen.

– Først skal vi byggje tre sentralar på ulike storleikar, der vi får teste ut dei nye tankane som vi har om energiforsyning. Så kan også lage ein plan for dei andre sentralane Ulstein skal ha dei neste tre-fire åra, seier ter Stege.

Vil bli fullt ut fornybar

Både kommunen og ReNorway har som mål å kome opp med løysingar som skal vise veg for andre kommunar.

– Vi skal også undersøke om det går an å bli 100 prosent fornybar. Det er noko som eg personleg tykkjer er veldig spanande, seier Øyvind Amdam, dagleg leiar i Ulstein Fjernvarme.

Men låge temperaturar i sjøen har vist seg å vere ei utfordring for sunnmøringane. Samstundes ser dei også at framtidige kostnadar knytt til både drift og vedlikehald må ned.

Såg sørover

Difor såg dei over fylkesgrensa i sør for å lære av erfaringane frå Eid der ein i ti år har gjort seg erfaringar med fjordvarmeanlegg.

– Fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid er ei suksessoppskrift, og har vist at bruken av sjøvarme både er miljøvennleg og lønnsamt, og det gjev lokal næringsutvikling. Dette er ei utvikling som vi også ynskjer å få til i Ulsteinvik, seier Øyvind Amdam, dagleg leiar i Ulstein Fjernvarme.

Betyr arbeidsplassar

I Eid forsikrar ter Stege at ringverknadane av storkontrakten vil merkast. Dei har tydeleg gjort klart at dei vil nytte lokale leverandørar for nå visjonen om å kunne setje saman fjernvarmeanlegg – med base i kommunen.

Verksemda som såg dagens lys 1. august 2012 som ein «spin-off» av Fjordvarme, har i dag seks tilsette. Fire av desse er ingeniørar. Men med håp om fleire storkontraktar utover året, er det også håp om fleire tilsette.

– Vi har sagt frå starten at vi ynskjer å utvikle oss på Eid. Vi ser på moglegheitene for å etablere eit selskap som også kan produsere og teste ut energisentralar. Vi ser føre oss at vi kanskje allereie i slutten av 2015 kan byrje å teste ut produkt sjølve og byrje med produksjon. Det betyr sjølvsagt arbeidsplassar, avsluttar ter Stege.