Hopp til innhold

Greier ikkje tunnelbrannar åleine

Ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal meiner at staten må ta eit større ansvar for brannberedskapen i dei lange tunnelane langs riksvegane på Vestlandet.

Gudvangatunnelen

- EI STATLEG OPPGÅVE: I 2013 tok det fyr i eit vogntog i Gudvangatunnelen. Beredskapen i lange tunnelar på stamvegane bør Staten ha ansvar for, meiner ordføraren i Lærdal.

Foto: Arve Veum/Monika Blikås / NRK

Seinast i 2013 brukte kommunane i Indre Sogn store ressursar på brannen i Gudvangatunnelen.

Dei små kommunane har ikkje pengar åleine til å kjøpe det som trengst av utstyr for den utvida beredskapen, meiner Solheim.

– Eg meiner dette er ei statleg oppgåve. Vi snakkar om europavegar og vegar som er vesentlege for heile landet. Lærdal kommune har ansvar for sine innbyggjarar, men dette er ein nasjonal veg.

Jan Geir Solheim

- EIN NASJONAL VEG: Ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Knutepunkt for vegsamband

Det er i samband med ein omfattande gjennomgang av brannberedskapen i Lærdal, at fokuset no blir retta mot situasjonen på riks- og europavegane. Lærdal og Aurland er knutepunkt for dei mest sentrale vegsambanda i Sør-Norge, og Solheim meiner at Staten må ta eit større ansvar for utgiftene til utstyr og beredskap.

– Både Aurland og Lærdal har ei ekstra utfordring som vi har visst om sidan Lærdalstunnelen vart bygd. Det gjer at vi må ha ekstra beredskap og betre utstyr enn kommunar på tilsvarane storleik.

– Tøft for ein liten kommune

Statens vegvesen vil ikkje kommentere saka, men avdelingsdirektør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Anne Rygh Pedersen, er glad for at ordføraren i Lærdal tek opp utfordringane knytt til brannberedskap i tunnelane. Men noko ekstra pengar kan ho ikkje love.

– Vi løyver ikkje pengar til kommunane. Det er i tilfelle eit politisk spørsmål som dei må ta med dei løyvande styresmaktene. Men at dette er tøft for ein liten kommune er det liten tvil om.

Jan Geir Solheim kjem uansett ikkje til å gje opp denne saka.

– Lærdal og Aurland må samarbeide om dette og ha ein god total beredskap, og så må vi prøve å finne ein utveg for å samarbeide med Statens vegvesen i denne saka.