Hopp til innhold

Greier ikkje å dekke etterspurnaden etter kveite

Kveiteoppdrettaren Sogn Aqua i Høyanger greier ikkje produsere nok fisk. Til neste år startar bygginga av eit anlegg som vil mangedoble kapasiteten.

Sogn Aqua i Slantevika på sørsida av Sognefjorden produserte i år 50 tonn kveite. Det er det einaste selskapet som driv på land.

ETTERTRAKTA VARE: Kveita frå oppdrettsanlegget til Sogn Aqua i Høyanger er ei delikatesse som er etterspurt i heile landet.

I år har Sogn Aqua produsert 50 tonn kveite, som blir levert til dei finaste restaurantar i Oslo, Bergen og Trondheim.

– Vi håpar at vi kan komme i gong å byggje eit større anlegg allereie til neste år, for å dekke litt av etterspurnaden. Då snakkar vi om ein 6–7 dobling av den produksjonen vi har i dag, seier oppdrettar Jan Arne Brekke til NRK.

Hentar vatn frå djupet av fjorden

På oppdrettsanlegget i Slantevika, på sørsida av Sognefjorden i Høyanger, kikkar han opp i eit kar med 7000 kveiteyngel.

– Det er framtida vår. Om tre år skal vi byrje å hauste frå dei, seier han.

Dei halvt år gamle fiskane veg berre ti gram. Fullt utvaksen kan kveita bli opp mot 300 kilo, medan fisken Brekke leverer frå seg ligg på om lag ti kilo. Likevel, ein formidabel vekst.

– Det er heilt ufatteleg, no er dei heilt skjøre, nesten som eit lite lauv. Men dei veks på seg kvar einaste dag, jamt og trutt med dei forholda vi har, seier han.

Heile produksjonen på land

Sogn Aqua har kveita på land heilt til ho er klar for restaurantbordet. Det er dei åleine om i landet.

– Dei andre slepp kveita ut i sjøen når ho er rundt 100 gram. Vi har ho på land til ho blir ti kilo. Det trur eg er veldig bra for både kvaliteten og fisken elles, seier han.

Likevel meiner Brekke dei har Sognefjorden å takke. Vatnet dei hentar opp frå djupet gjev stabile temperaturar året rundt og inneheld ingen farlege bakteriar eller parasittar.

– Det er her ho trivst, i litt sånn kaldt og mørkt fjordvatn, nede på djupet. Det er der ho høyrer heime. Så då tek vi opp vatn derifrå, det er ikkje meir hokuspokus enn det, seier han.

.

Blir ti kilo

VEKS FORT: På tre år går vekta på fisken frå ti gram til ti kilo.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Smittande entusiasme

Ideen om å bruke djupvatnet til kveiteoppdrett og yngelproduksjon kom frå bestefar til Brekke, som har drive med oppdrett sidan femtitalet. For om lag ti år sidan bestemte Sogn Aqua at det var på tide å setje i gong og sende søknad til Innovasjon Norge om støtte. Dei fekk 100 000 i produksjonsmidlar og resten er historie.

For oppdrettaren er kveite ikkje lenger berre ein leveveg. Det har blitt det livet handlar om. Og entusiasmen er i ferd med å smitte over på andre i familien.

– Eg har ein son på seks år. Når læraren spør kva han skal bli, så svarar han kveiteoppdrettar. Då spør læraren sjølvsagt "kva er det for noko?". Men sonen min veit det, for han har vore med her sidan han var ein neve stor, seier Brekke.

I dagsendinga til NRK Sogn og Fjordane torsdag, kan du få bli med på gjestebod når kveita skal lagast til. Høyr på NRKP1 frå klokka 14. Du kan også følgje sendinga direkte i nett-radio.

Jan Arne Brekke i Sogn Aqua

HEKTA: For Jan Arne Brekke har kveiteoppdrett blitt sjølve livet.

Foto: Gro Ravnestad / NRK