Hopp til innhold

Storbrannen: Startar etterforsking på branntomta i dag

I dag startar politiet etterforsking på branntomta i Svelgen, der tre husvære blei offer for flammane fredag kveld. Fire personar blei sende til sjukehus.

Det braut ut brann i eit rekkehus i Svelgen i kveld. Tre hus er totalskadde, medan fire personar er sende til sjukehus med røykskadar.

FLAMMANE SLUKTE HUSA: Det var enorm varmeutvikling under rekkehusbrannen i Svelgen fredag kveld.

– Det er jo sjølvsagt ei svært krevjande oppgåve. Med den enorme varmeutviklinga som var der nede, så er det svært lite att på brannstaden. Vi går på tomta i dag, og så får vi sjå kva dagen vil bringe, seier lensmann Hans Rune Strandos til NRK.

Politiet vil også halde fram med vitneavhøyr utover måndagen, etter brannen som gjorde mange huslause.

– Samtidig med den tekniske etterforskinga som pågår no i løpet av dagen, så må vi berre hente inn ein del vitneobservasjonar som kan bringe oss nærare til årsaka til brannen, seier Strandos.

– Korleis blir det å finne ei brannårsak i så utbrende ruinar?

– Det blir vanskeleg, i alle fall å få ei eintydig forklaring, men vi får sjå.