Hopp til innhold

Prosjektgruppe skulda for å skjule naturinngrep

Prosjektgruppa bak gondolbana til fjellet Hoven i Stryn blir skulda for å halde skjulte naturinngrepa som følgjer med planane.

Planar om gondolbane i Loen

MOTSTAND: Planane om denne gondolbana i Loen møter kraftig motstand hos enkelte grunneigarar.

Foto: NRK

Prislappen på planane er 160 millionar kroner, men grunneigarar i området miner naturinngrepa ikkje har kome godt nok fram.

– Det er berre fokusert på dei positive sidene, og veldig, veldig lite på dei negative effektane som vi vil få, seier Johan Mindresunde.

– Lite urørt natur

Mindresunde bur nærast Hoven og er lite begeistra over at naturinngrepa ikkje er betre presenterte av prosjektgruppa bak gondolbana.

Han attraksjonen, som Hotell Alexandra håpar vil trekkje 70.000 turistar årleg til bygda, medfører store naturinngrep som ikkje lar seg reparere.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Created by InfoDispatcher

SJÅ TV-SAK: Hotelldirektør Richard Grov syner planane for gondolbane i Loen.

– Det er atskilleg meir omfattande enn det folk veit om. Det er snakk om nær seks kilometer anleggsveg, der alle slags køyretøy kan køyre til Hoven. Det skal byggast eit 700 kvadratmeter stort bygg på Hoven, med utsiktsplattformar, sikring og skilting kring om. Det blir ikkje att mykje urørt natur, seier han.

Lyttar til kritikken

Hotelldirektør Richard Grov la tidlegare denne månaden fram ein studie som viser at planane er berekraftige. Gondolbana skal få folk enkelt opp til eit utsiktspunkt og restaurant i 1.000 meters høgde.

Richard Grov og Rune Holen om planane for gondolbane i Loen

PLANAR: Richard Grov og Rune Holen om planane for gondolbane i Loen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Den er eit tiltak for å få turistane til å leggje att meir pengar på Vestlandet. Saman med investorar håpar Grov å ha bana klar om to år.

Hotelldirektøren er kjend med motstanden i bygda.

– Vi har fått, og registrert, at det er nokre som ymtar seg kritisk. Det er mange grunnar til at kritikken har kome, og den kjem frå litt ulike kantar. Vi ynskjer å vere inkluderande og lyttande til også den delen, seier hotelldirektøren.

David vs. Goliat

Rikard Grov seier alle grunneigarane er høyrde i prosessen og at dei fleste er svært positive til planane. Han legg til at prosjektet er miljøvennleg.

Mindresunde og grunneigarane som deler hans syn og uro innser at dei kjempar ein kamp mot Goliat.

– Vi vil no gjerne stogge heile greia. Vi får berre hugse på kven som vann av David og Goliat i si tid, avsluttar han.