Hopp til innhold

Gode tider for laksenæringa

Lakseprisane før jul ser ut til å bli rekordhøge også i år. Dette trass i at Russland stogga all import frå Noreg i august.

laks

STORE VERDIAR: Også i år blir laksen selde for gode prisar. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Henning Bagger / Scanpix

Då Russland bestemte seg for å stogge all import av fisk frå Noreg i august, var det fleire i oppdrettsnæringa som vart uroa.

Men etter eit kortvarig prisfall i haust er lakseprisane på topp igjen. Så gode tider er det for norsk sjømat at verdien av eksporten allereie har slått fjorårets rekord.

Tal frå norsk sjømatråd syner at det i perioden januar til november vart eksportert laks for 39,6 milliardar kroner, ein auke på 4,4 milliardar, eller 12 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Alltid ein ny kunde

Fiskeeksportøren Norwell har 13 tilsette og ein total omsetnad på 1,2 milliardar. Bedrifta var ei av fleire som hadde frykta låge prisar etter sanksjonane. Heile 30 prosent av laksen til selskapet gjekk dit.

No er etterspørselen stabil igjen, og dette skuldast ei forflytting i marknaden, seier driftsleiar i Norwell, Per Vidar Ottesen.

Per Vidar Ottesen

GÅR OPPOVER: For Per Vidar Ottesen i Norwell

Foto: NRK

–Russland får no fisk frå Chile, Færøyane og andre marknad, då blir vi nøydd å supplere dei tomme marknadane igjen. Dette er verdsomfattande, vi sel til alle land i heile verda. Totaletterspurnaden er ganske stabil.

Det har ikkje vore auke i lakseproduksjonen det siste halvåret, og det gjer at etterspurnaden blir endå større. Den svake kronar spelar også ei rolle for prisane.

– Vi handlar i valuta, og difor blir handelsmønsteret vårt styrka når vi sel i euro og dollar. Med svak krone blir inntektene for oppdrettaren betre, samt prisen kunden betalar ikkje blir høgare, seier Ottesen.

Gode prisar gjer godt

Ein av oppdrettarane som nyt godt av dei gode prisane er Elin Tveit Sveen i Marøy Havbruk. Dei har som mange andre oppdrettsanlegg hatt problem med lus i år.

For å kvitte seg med lakselusa blir det produsert Berggylt, også kalla leppefisk. Dette er ei kostbar investering, og då er det ekstra godt med dei høge prisane.

 Elin Tveit Sveen i Marøy Havbruk

GODE TIDER: Seier Elin Tveit Sveen i Marøy Havbruk.

– Det er gode tider no. Prisane er kjempegode. Vi skal slakte utover i desember no når det er så gode prisar. Det er mykje vi må investere i no, så då er det godt med høge prisar, seier Sveen.

Julemånaden er oftast den aller beste månaden for å selje laks. Prisane kan gå over 50 kroner per kilo. Til samanlikning ligg prisen i september på rundt 30 kroner per kilo.

For eksportøren Norwell kan dei høge prisane også by på utfordringar.

– Prisen er høg. Kundane tykkjer han er litt for høg. Men det er jul, og folk skal ha fisk. Vi har eigentleg tru på at prisen held seg på 40 pluss i rimeleg lang tid. Eg trur vi ser 50 kroner kiloen før jul, seier Ottesen.