Hopp til innhold

Fryktar du tunnelbrann? Dette bør du tenkje på!

Det er viktig å ha tenkt gjennom på førehand kva ein skal gjere dersom ein hamnar opp i ein tunnelbrann, seier regionvegsjef Helge Eidnes.

Frå brann i Gudvangatunnelen

BRANN I VOGNTOG: Det blei ei dramatisk oppleving for bilistane som var i Gudvangatunnelen då det byrja brenne i vogntoget.

Foto: Jørn Scholz

Helge Eidsnes

TENK GJENNOM På FØREHAND: Det er viktig å ha tenkt gjennom på førehand kva ein skal gjere dersom ein hamnar opp i ein tunnelbrann, seier regionvegsjef Helge Eidnes.

Foto: Arne Veum

Denne veka har NRK.no fortalt mange dramatiske historier om korleis bilistar berga seg ut ifrå Gudvangatunnelen då det brann i sommar. Nokre tok beina fatt, medan andre blei verande i bilen.

Regionvegsjef Helge Eidnes i Statens vegvesen seier ein ikkje kan gi eitt råd for korleis ein skal handle, men at ein må vurdere situasjonen der og då.

– Det viktig at du har tenkt gjennom ein slik situasjon på førehand slik at du veit korleis du skal opptre. Men eg kan dessverre ikkje gi eitt råd som skal gjelde i alle situasjonar, for det er avhengig av situasjonen ein hamnar i, seier han.

Respekter at tunnelen er stengd

Arnanipatunnelen

RESPEKTER RAUDLYSA: Regionvegsjef Helge Eidnes seier det er viktig at folk respekterer når tunnelen er stengd med raude lys.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Eidsnes seier noko av det viktigaste er å unngå å hamne i ein slik situasjon. Vegvesenet opplever gong på gong at bilistar køyrer inn i tunnelar som er stengde med raude lys eller bom på grunn av ulukker.

– Kjem ein til ein tunnel med raude og blinkande lys, må ein ikkje køyre inn. Det må du heller ikkje om bommane er nede. Då bringer du deg seg sjølv inn i ein ulukkessituasjon som kunne vore unngått, seier han.

Er du allereie i tunnelen når ulukka skjer, har Eidsnes gode råd å komme med.

– Er du først framme på ulukkesstaden må du varsle om ulukka. Køyr ut til sida og parker først eit stykke frå den andre bilen. Set på naudblinken og ta på refleksvesten som ligg i bilen, seier han.

Bruk naudtelefonen i tunnelen

Deretter må naudetatane varslast. Eidsnes ønskjer at folk brukar naudtelefonane som er i tunnelane, heller enn sin eigen mobiltelefon.

–Vi tilrår å varsle gjennom dei faste naudtelefonane som er i tunnelane, for det er ikkje alltid vi veit kva tunnelen vi køyrer gjennom heiter eller kvar vi er i tunnelen. Ved å bruke naudtelefonane, vil vegtrafikksentralen med ein gong sjå kvar ulukka har skjedd.

Må alltid vurdere om det er trygt nok

Får vegtrafikksentralen melding om ei ulukke, stengjer dei tunnelen med raude lys eller bom. I tillegg varslar dei alle naud- og redningsetatane og set på brannventilasjonen.

– Ta ut brannsløkkingsapparatet. Når du gjer det, får vegtrafikksentralen varsle om det og ser kvar du er. Ta apparatet med deg, men vurder situasjonen ved ulukkesbilen i forhold til din eigen tryggleik, seier Eidsnes.

– Vi bilistar skal jo alltid stoppe ved ulukker, men her kan det også vere farleg for den som skal hjelpe?

– Ja, det kan det vere, du må ta ei vurdering. Det er avhengig av når du kjem til ulukka. Vi har bilistar som har brukt brannsløkkingsapparat, fått sløkt brannen og fått dei i bilane med seg og ut av tunnelen. Har brannen kome så langt at dette ikkje er råd, bør ein sjølv komme seg så fort som mogleg ut av tunnelen og hjelpe andre.

– Fluktmasker betre enn ingenting

Dei første bilane som kom bak vogntoget i Gudvangatunnelen, klarte å passere og kom seg ut. Men det er ikkje alltid det går. Då må du snu bilen og prøve andre vegen ut av tunnelen om det er mogleg, seier Eidsnes.

– Men det kan vere vanskeleg å snu, og røyken kan bli så tett at det er vanskeleg å sjå. Då må du bli i bilen. Slå av motoren, slå på naudblinken, steng av ventilasjonsanlegget og ventilasjonskanalane i bilen slik at det ikkje kjem inn røyk.

– Er det noko utstyr som er godt å ha i bilen i naudstilfelle?

– Det finst fluktmasker, men det er ei betinga tilråding. Fluktmasker er å føretrekkje framfor ingenting for dei filtrerer røyk, sotpartiklar og til ein viss grad karbonmonoksid. Men det er viktig å hugse at dei ikkje gir tilførsel av oksygen, seier han.

Varsle at du er i bilen

Ein av dei som opplevde brannen i Gudvangatunnelen er Trygve Klakegg frå Os. Han ringde 113 og fekk beskjed om å leggje seg ned i bilen der det var mindre røyk. Der blei han liggjande til han blei berga av brannmannskap.

Regionvegsjef Helge Eidnes seier Klakegg gjorde rette vurderingar i den situasjonen han var i.

– Kjem du deg ikkje ut av tunnelen, må du bli der. Det er lurt å leggje seg ned på golvet. Kor lenge ein kan bli i bilen er avhengig av kor omfattande brannen er og kor raskt mannskapet klarer å sløkke den.

– Hugs å varsle brannvesenet på 110 at du er i bilen slik at dei veit det er folk i den, seier han.