Hopp til innhold

Preben kåra til årets unge sjef i Norge

Hotelldirektør ved Gloppen Hotell, Preben Moen,er kåra av ein fagjury til årets sjef i Norge. No i føremiddag fekk han tildelt prisen "Helt sjef".

Preben Moen

PREBEN FEKK PRIS: F.v. Christina Fraas (prosjektansvarleg i Spirit), Lauren Cody (administrerande direktør i McDonald's Norge AS), Robert Eriksson (Arbeids- og sosialminister), Preben Moen (Hotelldirektør på Gloppen Hotell og vinnar av Helt sjef 2014), Leif Frode Onarheim (juryleiar) og Lene Ljødal (rådgjevar i Lederne).

Foto: Nils Fredrik Wisløff

Preben Moen måtte overta drifta av familiebedrifta då faren Dag Moen døydde brått i 2013. Dermed fekk han ansvar for 22 årsverk og eit stort, lokalt firma som opererar i ein konkurranseutsett marknad.

– Ei stor utfordring sjølv for ein erfaren leiar, men som årets vinnar av prisen har løyst på ein framifrå måte, heiter det i juryen si grunngjeving for å gje årets pris til Moen.

Det var ein rørt prisvinnar som snakka med NRK i føremiddag. Han rosar ikkje minst familien og dei tilsette på hotellet for all støtta etter at han overtok som dagleg leiar på Gloppen Hotell.

– Det føles veldig godt, eg blei veldig overraska då eg fekk prisen og eg blei veldig rørt. Ein tenkjer jo ikkje slik om seg sjølv. Det gir meg ein heilt ubeskriveleg motivasjon, seier Moen til NRK.

Trudde sjansen var liten

Det var mange kandidatar til prisen "Helt sjef", og Preben Moen trudde at sjansen for å gå til topps var liten.

– Eg tenkte at sjansen for å gå heilt til topps var veldig små når eg såg kven andre som var nominert. Fantastisk masse flinke folk som var med, og at eg skulle stikke av med sigeren hadd eg aldri tenkt.

– Korleis har det gått dette året etter at du måtte overta etter far din?

– Eg prøvde så godt eg kunne, hadde eigentleg ikkje trua i starten, men så kom det til meg litt etter litt. Eg er jo oppvaksen på hotellet, og eg hadde med familien og dei tilsette. Det har jo gått veldig bra, smiler prisvinnaren.

– Viktig bidragsytar

Juryleiar Leif Frode Onarheim er imponert over nivået til årets finalistar, og ikke minst av Preben.

– Det var ingen enkel jobb å kome fram til vinnaren, blant så mange dyktige unge. Preben har ei sterk historie, og syner ein imponerende handlekraft, har gode leiarevner og store ambisjonar for Gloppen Hotell. Samtidig er han ein viktig bidragsyter i lokalmiljøet og en person med sterke verdiar, seier Onarheim.

Det er organisasjonen Lederne som står bak kåring av "Helt sjef" saman med fleire private aktørar.

Tidlegare NHO-president Leif Frode Onarheim, Birgit Skarstein, Simen Staalnacke, Alf Inge Stiansen og Christina Neergaard har vore i juryen som vurderte ti semifinalistar. I alt 405 personar var nominert til prisen.