Hopp til innhold

Glo frå sigarett og fallande omn starta dei to skulebrannane

Med få dagars mellomrom kunne to brannar ved vidaregåande skular fått langt større konsekvensar enn dei faktisk fekk.

Røykutvikling Mo og Øyrane vgs

MO OG ØYRANE VIDAREGÅANDE: Naudetatane rykte raskt ut og fekk kontroll, men to personar måtte undersøkast for røykskadar. Det var ein pose med materiale som brann, ikkje ei pute som vert opplyst i videoen. Foto: Oddleif Løset.

23. januar rykte alle naudetatane ut til eit branntilløp ved Flora vidaregåande skule, og berre fire dagar seinare skjedde det same ved Mo og Øyrane vidaregåande i Førde.

Uheldig røykande

Politiet i Florø og Førde nærmar seg no avslutninga av etterforskinga.

– Vi trur glør frå ein sigarett på utsida har kome ned i ein luftekanal og at trekken drog ho ned i rommet der brannen starta, seier Knut Hansen, politioverbetjent ved Førde lensmannskontor.

Hansen understrekar at etterforskinga ikkje er heilt ferdig, men at sigarett-teorien er den dei jobbar ut ifrå no. Skulen vart evakuert og to personar vart undersøkte etter dei vart utsette for mykje røyk.

– Det ulma i noko materiale i ein pose, og var veldig heftig røykutvikling, seier politioverbetjenten.

– Eg vil understreke at vi ikkje mistenkjer noko straffbart. Vi trur det var maks uheldige omstende, og ikkje ei medviten handling for å tenne ein brann, seier han.

Ein sliten stråleomn

Heller ikkje i Florø trur politiet at noko straffbart skjedde då ein stråleomn gav kraftig røykutvikling for to veker sidan.

– Det skjedde i ein garderobe, men det var ikkje folk på den delen av skulen då det skjedde. Ikkje elevar, og ingen lærarar i den delen av bygningen, seier politiførstebetent Kjell Magne Barsnes.

– Kva skjedde?

– Ein stråleomn som over ei dør losna, og hang berre etter leidningane. Stråleelementet vart vippa inn mot plankane. Ein slik gamal stråleomn skaper svært mykje varme. Det er ikkje grunn til å tru at omnen hang lenge før det vart stor røykutvikling.

Etter alarmen rykte alle naudetatane ut, og fekk stogga det heile før flammar kunne spreie seg. Kva som har skjedd er vanskeleg å seie.

– Omnen var festa til ein murvegg med plastproppar og skruar. På eit eller anna vis har han blitt påverka av noko utanfrå. Det kan vere alt frå ein ball til at nokon har hengt i han, men dette blir berre spekulasjonar, seier Barsnes.