Hopp til innhold

Gler eldre med vakker julemusikk

Femti eldre ved alderssenteret i Florø fekk ei vakker oppleving då dei fekk profesjonelle musikarar på besøk.

Julekonsert på Flora Alderssenter. Foto: Erlend Blaalid Oldeide

VIDEO: Marita Vårdal Igjelkjøn, Charlotte Sage og Tove Tørrgren underheldt på Flora alderssenter. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK

Tidlegare i haust vart det varsla om kutt i statsbudsjettet for «Den kulturelle spaserstokken». Mange eldre var då uroa for å miste det flotte tilbodet der musikarar og kunstnarar kjem på besøk på eldreheimar med kulturelle innslag.

No vert det ikkje kutt likevel og på Flora alderssenter Havglytt fekk dei eldre besøk av tre musikarar som spelte vakker julemusikk.

Musikar Marita Vårdal Igjelkjøn tykkjer det er kjekt å gle andre med song og musikk. Målet er å få folk i julestemning

– Det er ikkje så ofte at dei eldre får besøk av profesjonelle musikarar og det er fantastisk for oss spele for eit så takknemleg publikum.

Dei tre musikarane hadde valt ut gamle, vakre og kanskje litt gløymde songar.

– Kanskje dei får fram dansefoten eller ei tåre, seier ho.

Kultursjef Edvin Helheim i Flora tykkjer det var vakkert å høyre på.

– Eg visste at dette vil bli flott. Nivået var veldig høgt og det var ein flott samklang, seier han etter konserten som blei avslutta med ståande applaus frå dei 50 som høyrde på.

Eldre på julekonsert på Havglytt
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK