Hopp til innhold

Glad for støtte til vinteropen veg

Sogn regionråd går inn for å halde fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin open også vinterstid. Det får fram smilet hos politikarane i Årdal.

Glad for støtte til vinteropen veg

EIT STORT SMIL: Anne Kauppi (Ap) seier støtta frå Sogn regionråd betyr mykje for årdølene.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Vinterstenging av vegen mellom Årdal og Tyin er eitt av innsparingstiltaka som fylkespolitikarane skal ta stilling til. Men stenging av vegen vinterstid vil ramme både næringslivet og mange hundre hytteeigarar i området hardt.

Anne Kauppi, Ap-politikar i Årdal og vara i regionrådet, er difor glad for støtta.

– Det betyr mykje for årdølene og for det samarbeidet me har med Vang og Oppland. Det er akkurat slike saker regionrådet skal jobba med, me skal stå saman i Sogn for å utvikla regionen, seier ho.

Vil råke hytteeigarane hardt

Kauppi seier vegen, den kortaste mellom Årdal og Austlandet, er ei viktig ferdselsåre.

– Det er eit stabilt trafikkgrunnlag på tre-fire hundre bilar i døgnet, heile året, seier ho.

Regionråd vil ha vinteropen veg mellom Årdal og Tyin

FULL STØTTE: Det var eit samla Sogn regionråd som i dag oppmoda fylkeskommunen om å droppe vinterstenging av Tyin-Årdal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

For dei seks hundre hytteeigarane i området vil ei eventuell vinterstenging få store konsekvensar.

– Då får dei ei sommarhytte på fjellet. Hyttene deira vil gå ned i verdi. Og så mister me tilgongen til det fine fjellområdet i Tyin og Jotunheimen. Det er brukt heile året, seier ho.

– Lite å spare for fylkeskommunen

Det kostar fire millionar å drifte vegen heile året. Tre av dei er det Sogn og Fjordane som betalar, medan Oppland står for den siste millionen.

Med så små summar på spel, meiner Kauppi at fylkespolitikarane bør sjå andre stader etter kutt.

– Eg forstår at dei må snu alle steinar. Men når du ser på det store samferdslebudsjettet til fylkeskommunen, så blir det å halde Årdal-Tyin vinteropen lite i forhold. Her sparar dei under tre millionar. Dei må heller sjå kor dei store pengestraumane går og heller spare der, seier ho.

Ho trur ikkje det er mogleg for fylkeskommunen å finne mindre dramatiske kutt, som alternativ til å stenge vegen heilt vinterstid.

– Me har allereie gjort innsparingsgrep. Det er ikkje kolonnekøyring lenger og det er Filefjell som har prioritet i uvêr og når det er rasfare. Det har me allereie sagt ja til. Det er ikkje meir å gå på når det gjeld Årdal-Tyin, seier ho.