Hopp til innhold

Høgreleiar meinar lokallaga ikkje gjorde jobben sin i valkampen

Høgrelaga i Eid og Gloppen kunne gjort ein betre jobb i valkampen. Det meiner fylkesleiar i Høgre Arve Mjømen.

Arve Mjømen

DÅRLEG VALKAMP: Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, meiner lokallaga kunne gjort ein betre jobb i valkampen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I årsrapporten til fylkespartiet skriv han at Høgre kunne fått endå betre resultat om alle lokallag hadde fått utteljing som passa til forventningane. I Eid fekk Høgre 10 prosent av røystene, i Gloppen berre sju.

– Eg skal ikkje sikte på den eine eller andre her, men det er viktig at ein er bevisst på ei rolle når ein skal stå for eit samla parti, seier Arve Mjømen.

Fylkesleiaren i Høgre meiner lokallaga i Eid og Gloppen kunne gjort ein større innsats for å sanke høgrerøyster under valkampen i fjor.

Sansen for Arbeidarpartiet

Midt i den betente E39-striden varsla stortingskandidat Bjørn Lødemel at han likevel ikkje ville ha bru mellom Lote og Anda. Reaksjonane var sterke, men Mjømen meiner lokallaga uansett burde gjort meir i valkampen.

– Kan vel seie at eg hadde litt sansen for Ap sitt syn der, at uansett kva syn fylkespartiet hadde, så ville dei stå godt i valkampen for Arbeidarpartiet. Og det er jo litt viktig at vi tenkjer same tankane vi i Høgre òg, seier Mjømen.

Bør ta fram spegelen

Eli Førde Aarskog

GJORDE SITT BESTE: Leiar i Eid Høgre, Eli Førde Aarskog, meiner lokallaget gjorde det dei kunne.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Leiar i Gloppen Høgre, Anniken Rygg, reagerer med vonbrot på utsegnene.

– No har vi jobba lokalt sterkt for å i det heile klare å halde oppe eit lokallag for Høgre. Eg trur vi skal vere glade i alle fall for Gloppen sin del at resultatet ikkje blei verre enn det faktisk vart. Det syner at lokallaga har gjort ein god jobb, seier Rygg.

Også leiar i Eid Høgre, Eli Førde Aarskog, meiner det ikkje er rett at lokallaga gjorde sitt beste ut frå situasjonen dei stod i.

– Eg blir ikkje glad for ein slik uttale. Eg syns ikkje at Mjømen skal peike på oss i denne saka. Han bør heller ta fram spegelen og faktum er jo at vi faktisk ikkje fekk ein nedgang, men same resultat som tidlegare, seier Førde Aarskog.

Vil kome tilbake

Arve Mjømen seier han ikkje har problem med å forstå at situasjonen var krevjande. No trur han dei tradisjonelt gode høgrekommunane vil kome tilbake.

– Eg er brennsikker på at både Eid og Gloppen kjem til å følgje opp det dei gjorde ved førre lokalval, noko som gav svært bra resultat, seier Mjømen.