Hopp til innhold

Kjedelege trestammar vart gull for campingplasseigar i Gloppen

Utrusta med motorsag utsmykka Arne Askeland (44) frå Osterøy Gloppen Camping med dei utrulegaste figurar.

Hordalendingen har dei to siste åra livnært seg som motorsagkunstnar, og denne veka stod Gloppen Camping for tur.

– Då eg kom fekk eg stikkorda Eidehøvdingen, badeliv, fuglereservat og fisking og «Gjer det du vil». Det var eit veldig inspirerande oppdrag, og eg reiste frå Gloppen Camping med ei veldig god kjensle, fortel Arne Askeland til NRK.no.

Betre enn marknadsføring

44-åringen frå Osterøy vart løysinga på campingplasseigar Rune Kjørvik sine tre meter høge «trestammeproblem». Dei vart felt for to år sidan, og i pinsa høyrde han om Askeland på radioen, skriv Firda Tidend.

Ørner i Gloppen.

ØRNER: Desse ørnene pryder no Gloppen Camping.

Foto: Privat

For 30.000 kroner har han no fått både fuglar og menneske ut av dei temmeleg kjedelege trestammane. Oppdragsgjevaren vart fire fantastiske skulpturar rikare.

– Eg reknar med at dette blir eit blikkfang som folk vil legge merke til og snakke om. Det er truleg betre å bruke nokre kroner på dette enn å bruke dei på tradisjonell marknadsføring, seier Kjørvik til avisa.

Fem lange dagar

I fem lange dagar arbeidde Askeland med trestammane. Undervegs lurte han ei stund på om han hadde teke seg vatn over hovudet. Den gong ei.

Då motorsaga stogga for godt fredag, hadde den vore i sving nær 60 timar.

– Det gjekk med 10–15 liter motorsagbensin, og det vart kasta nokre tome kanner med motorsagolje, ler Askeland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arne Askeland.

SKULPTØR: Arne Askeland og motorsaga hans er landskjende.

Foto: John Arne Storebø

Oppteken av detaljar

Askeland likar å kalle seg skulptør, men det er med motorsag han arbeider. I tillegg har han mindre sager og verkty som han brukar til finpussen.

– Eg er veldig oppteken av detaljar, så eg ville aldri gått til verks på naseboren på til dømes Ole Bull med ei motorsag, humrar 44-åringen som berre for to år sidan gav seg i arbeidslivet for å nøste opp att i barndomsinteressa.

La vekk aktiviteten

For han har vore både lastebilkøyrar, entreprenør, seljar, bonde og skogsarbeidar. Allereie som 20-åring fekk han høyre at han var ein kunstnar. Det starta med keramikk som 11-åring og etter kvart laga han både figurar og møblar.

I vaksen alder kom etter kvart sambuar og born og hobbyen vart meir eller mindre lagt vekk.

– Eg trudde ikkje at eg kunne leve av dette, seier han og fortel at visa fekk ein heilt annan låt då han for eit par år sidan kom over ein amerikansk motorsagkunstnar på internett.

– Ei herleg kjensle

Amerikanaren vart invitert over, og dermed byrja ballen å rulle att. I dag er han ein landskjend motorsagkunstnar.

– Læringskurva har vore bratt, men det er ei herleg kjensle når ein kjem inn i slikt arbeid. Eg kjem i ein slags meditativ modus. Kan vel nesten kalle meg fjern, ler han.

– Det er ei herleg kjensle å forme, og for meg er verktyet mindre viktig. Men så er det grådig artig å bruke motorsag og eg har lært meg teknikkane. Både sag, fres og høvel. Det går raskare når du kan det. Du skiftar ikkje verkty, berre teknikken, seier han.

Kurs og show

Dei fleste skulpturane lagar han heime på Askeland Gard der han driv med både gardsdrift, kurs, ullskoproduksjon og kompetansesenter innan emnet motorsagkunst. Askeland og motorsaga blir ofte hyra inn til kurs og oppvisning i hurtigforming av figurar.

– Men eg er også ofte ute på oppdrag, som på Sandane, fortel han til Firda Tidend.

Og for dei som skulle tvile, ja det let seg gjere å livnære seg som motorsagkunstnar.

– Ja, no går hjula bra rundt her, kan du seie, avsluttar han til NRK.no.