Hopp til innhold

Gjensyn med "Vaffelhjarte"

Om du har små barn kjenner du sikkert til Trille og Lena frå Vaffelhjarte. No blir boka teaterstykke, den mest omfattande satsinga til "Den kulturelle skulesekken" i Sogn og Fjordane nokon gong.

Maria Parr, Terje Lyngstad, Øyvind Høstaker

SAMARBEID: Forfattar Maria Parr, teatersjef Terje Lyngstad og Øyvind Høstaker frå den 'kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det var på tide, ler Maria Parr, forfattaren av boka som ligg til grunn for teaterstykket.

– Det er kanskje først i dag det verkeleg har gått opp for meg at dette er ganske stort. Særleg det at det skal til alle desse skulane og ungane. Eg tykkjer det er svært at teateret flyttar på seg og ungar i alle avkrokar skal få sjå teater.

Boka Vaffelhjarte handlar om to niåringar frå den vesle bygda Knert-Mathilde. Boka kom i 2005, og har seinare gått som tv-serie på NRK. No blir den teaterstykke, som skal ut til alle barneskulane i fylket som ein del av den kulturelle skulesekken.

– Vi kjem til å bruke litt tid på å førbu dette med skulane, seier Øyvind Høstaker, som er koordinator for den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane.

– Vi har hatt mange turnear tidlegare, men ikkje så stor som dette. Alle ungar får 1.- til 7. klasse skal skyssast inn til dei scenene som teateret brukar rundt om i fylket.

Ikkje berre teater

Teateroppsetninga blir ein del av fagplanen i skulen, slik at det ikkje berre blir ei teaterframsyning og ferdig med.

– Det er ikkje alt som er like lett å få inn, men eg ser føre meg at ungane og kan diskutere det sceniske. Kva som til dømes skjer med historia når den flyttar seg frå boka og til teaterscenen. Her får vi ulike kunstformer som tar opp same tema, men på ulik måte.

Alle hjarter gleder seg

– Det er heilt strålande å få jobbe med dei nydelege figurane som Maria Parr har skapt. Eg blir nesten litt «starstruck» av å møte ho. Det seier teatersjef Terje Lyngstad.

Teateroppsetninga blir eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Teater og Den Nasjonale Scene i Bergen, DNS.

– Dette er stort for oss på mange måtar. For det første samarbeider vi med DNS om å gjere det. Det betyr at vi kan bruke fleire ressursar utan at det blir dyrare for oss.

– Og så skal vi spele for fleire ungar enn vi nokon gong har gjort. Vi skal turnere i heile fylket og møte alle skuleklassar.

Spent forfattar

Maria Parr

Spent: Forfattar Maria Parr.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

10. oktober er det premiere på den Nasjonale Scene i Bergen, der skal stykket gå fram til jul. Over nyttår kjem stykket til Sogn og Fjordane, der det skal går fram til påske.

– Litt nervøs er eg alltid. Men mest kjenner eg at eg gleder meg, for det er flinke folk som held på med dette. Så eg har all grunn til å tru at det blir veldig, veldig flott.