Hopp til innhold

Gjenopplev steminga på FolkeLutt

Her kan du sjå tidenes første FolkeLutt-konsert, framført under Førdefestivalen tidlegare i dag.

SJÅ: NRK sin aller første FolkeLutt-konsert.

Nokre av dei fremste folkemusikarane frå Sogn og Fjordane stod på scena under Førdefestivalen, då den aller første av NRK-produserte FolkeLutt-konserten gjekk av stabelen.

Gro Marie Svidal, Unni Løvlid m.fl., Linda Gytri Trio og Firda Spelemannslag bydde publikum på både trekkspel, felespel og song.

Folkelutt 2015
Foto: Truls Kleiven / NRK

Konserten vart sendt direkte på våre nettsider. I videoen over kan du sjå den i opptak.

Gratiskonserten er ein den første Lutt-konserten i sommar, der Countrylutt og Sommarlutt vil fullføre trilogien.

– Målet er å vise fram kor mange fantastiske musikarar som finst i Sogn og Fjordane. Det har vore ei glede å sette saman desse tre konsertane. Publikum vil få oppleve tre heilt unike konsertar tre fredagar på rad, sa programleiar Stian Sjursen Takle før det heile braka laus.