Hopp til innhold

Stort gjennombrot for Lutelandet

Etter ein årelang kamp kan Lutelandet Utvikling sleppe jubelen laus. Dei har endeleg landa ein storkontrakt som vil skape aktivitet og arbeidsplassar.

Planane for Lutelandet Offshore AS

ENDELEG: No kan Lutelandet Utvikling endeleg juble. På Lutelandet i Fjaler har dei posisjonert seg og lagt til rette for opphogging av utrangerte oljeplattformer.

Foto: llof.no

– Dette er ein stor dag, og eit stort gjennombrot, jublar dagleg leiar Stein Arne Ottesen.

Det britiske selskapet Veolia har sikra seg jobben med å skrape Yme-plattforma. Jobben skal gjerast ved anlegget på Lutelandet i Fjaler kommune. Samstundes har Veolia inngått ei langsiktig avtale med Lutelandet Offshore om utviklinga av djupvasskaien på industriområdet.

Det var offshore.no som først fortalde om saka.

Lutelandet Offshore i Fjaler har posisjonert seg og lagt til rette for opphogging av utrangerte oljeplattformer. Men sidan Lutelandet utvikling vart etablert i 2005, har dei store kontraktane latt vente på seg.

Dommedagsprofetiane har vore mange, men i dag kunne dagleg leiar Stein Arne Ottesen endeleg juble offentleg.

– Vi har jo visst dette ei stund, så vi har vore budd på denne dagen. Men det er ein stor dag; sjølvsagt er det!

Kjem seg inn på gigantisk marknad

Stein Arne Ottesen

GIGANTISK MARKNAD: Og no har Ottesen tru på å bli stor på den marknaden.

Foto: arkiv / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Installasjonen som skal skrapast er 72 meter lang, 87 meter høg og veg 14.000 tonn.

– Kva betyr denne kontrakten og avtalen for dykk?

– Det betyr at vi får etablert stor industriverksemd på Lutelandet, det betyr at det vil kome ein god del arbeidsplassar, det betyr at det komande året vil bli investert ganske store summar på anlegget, seier Ottesen.

For no har Lutelandet Offshore fått gjennomslag i ein av dei største marknadane i oljeindustrien: oppryddingsmarknaden i Nordsjøen.

Mange meiner Sogn og Fjordane var ein tapar då oljeeventyret starta og vart vidareutvikla. Men Ottesen trur dette er eit teikn på at ein kan vere med å kjempe når plattformene skal inn og øydeleggast.

– Det er det absolutt, og det er ikkje mange aktørar som er med i den marknaden. Det er ein gigantisk marknad og det kjem til å skje veldig mykje dei komande åra. På alle måtar er dette ein kjempestor dag for oss.

I dag finst det berre 5–6 arbeidsplassar. Anleggsarbeidet vil starte om få veker, og då vil mange fleire følgje, både dei som jobbar på sjølve anlegget, og dei i tilknyting til det.

Jublande ordførar

– Dette er rett og slett heilt fantastisk. Det er kjempestort både for Fjaler og heile HAFS-regionen, jublar ordførar i Fjaler, Arve Helle (Ap).

Arve Helle

ORDFØRAR: Arve Helle (Ap)

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Også Helle har visst om kontrakten som vil skape mange nye arbeidsplassar i kommunen ei god stund.

– Men det å få sleppe jubelen laus i dag, er heilt strålande. Det har ikkje vore heilt enkelt å halde det for oss sjølve. Spesielt med alle spørsmåla om det ikkje skal skje noko snart, seier ordføraren.

Han håpar kontrakten vert den første i rekka av mange. Sjølve arbeidet med å skrape plattforma startar neste vår, men om kort tid startar jobben med anlegget.

– Eg håpar og trur dette er starten på ei ny tidsrekning for industriell aktivitet i regionen vår.