Hopp til innhold

Gjekk til topps med skjørt og hijab

Flyktningane frå Norsksenteret i Førde let seg ikkje stoppe av minusgrader, sterk vind og snø. Dei SKULLE til toppen av Galdhøpiggen ...

Til topps i minus åtte og i hijab

GJEKK TIL TOPPS: Mona frå Somalia kom seg til toppen av Galdhøpiggen, sjølv om det var åtte minus, sterk vind, snø og tjukk skodde.

Foto: Lars Sagvold/montasje

– Det gjekk veldig bra. Trass alt, seier Lars Sagvold.

Han var med som frivillig på turen, og er imponert over dei mange flyktningane som laurdag kjempa seg til topps på Galdhøpiggen.

– Det var skodde, minus åtte grader og horisontalt snøvêr. Ein av turleiarane sa at dette var på grensa til det uforsvarlege – men det var ikkje ein einaste klage å høyre. Denne gjengen var fast bestemt på å komme seg til topps, seier Sagvold.

Berre fem kom seg ikkje opp

«Til topps» er eit arrangement som er meint å skulle fremje integreringsarbeidet med asylsøkjarar, busette flyktningar og andre innvandrarar i Norge.

Laurdag var om lag 570 personar med på turen. Av desse var 83 frå Sogn og Fjordane – og berre fem av dei klarte ikkje å komme seg til topps på Norges tak.

– Deltakarane er kjenneteikna av kolossal viljestyrke. Eg trur meistringskjensla deira er stor no. Dei fleste dei kjenner har nok ikkje vore på Galdhøpiggen, seier Sagvold.

(Artikkelen held fram under biletet)

Til topps på Galdhøpiggen

KOM SEG OPP: Mona frå Somalia kom seg til slutt heilt opp. Her er kvinna i taulaget på veg over breen frå Juvass.

Foto: Lars Sagvold

Hadde skjørt, men var godt kledd

Kanskje mest imponerande var den somaliske kvinne som gjekk heilt til topps iført hijab og skjørt.

Då NRK snakka med Mona før avreise frå Førde, var ho klar på at dette skulle gå bra.

– Eg har gått mykje i fjellet før, og eg likar det, sa ho.

– Sjølv om det blir kaldt på toppen?

– Eg er ikkje redd for å fryse. Det går bra. Eg har mykje klede under, forsikra ho.

Let seg inspirere av pågangsviljen

Sagvold let seg imponere over innsatsen – trass den noko uvanlege klesdrakta.

– Ho sette ein fot framfor den andre, og kom seg heilt opp – sakte men sikkert, fortel Sagvold.

Turen starta frå Juvass om lag klokka elleve. Deltakarane var tilbake ved sekstida. Deretter venta det ein betre middag i Sogndal på heimvegen.

– Det er fantastisk artig og inspirerande å vere med på ein slik tur, seier Sagvold.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå Filippinene til toppen av Galdhøpiggen

STORE KONTRASTAR: Desse flyktningane kjem frå Filippinane. Laurdag var dei på Norges tak.

Foto: Lars Sagvold

Har hatt med over 4000 menneske

«Til topps» vart i år arrangert for femte gong. Til samen har over 4000 menneske frå mange ulike nasjonar vore med til Norges høgaste fjell.

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet og Norges Røde Kors var ansvarlege for dei tre første arrangementa. I 2011 vart i tillegg KS – Kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon og Den Norske Turistforening (DNT) med på samarbeidet.

I Sogn og Fjordane er det etablert eit samarbeid mellom Røde Kors og Turlaga om mellom anna treningsturar i forkant og som frivillige.