Video Polferd i Førde - Foto: Nyhetsspiller /

Polferd i Førde

Russen gjennomførte ei polferd utanom det vanlege

Utstyrte med ski, stavar og anorakkar, vandra Førderuss i hopetal mellom Vinmonopolet og ølpolet i Førde. Polferda som har vore ein tradisjon blant russen, kan snart vere historie.

Eit 60-talls russ, med russepresident Ruth Midtbø i spissen, la ut på polferd tysdag ettermiddag.

– Dette går veldig bra, vi kosar oss. Vi gjer det for å markere. Det har alltid vore ein tradisjon å gå frå pol til pol, og i år kan det hende det blir siste gangen, så difor er det ekstra stort i år, seier Midtbø.

– Er det trist at Førde ølutsal kanskje forsvinn?

– Både og. Det blir jo litt trist, men det blir kjekt å sjå øl og slikt i butikkane også, seier Midtbø.

Viktig å ta positive knutar

Ho legg til at polferd på dette viset også genererer knute i russehua. Og nei, det er korkje øl- eller vinkork ein får for ein slik tur.

– Kvikk Lunsj-papir, sjølvsagt, kvitrar Andrine Faleide, som er klar for symbolsk handling på ølpolet.

– Kor opptekne er de av å ta denne typen russeknutar?

– Vi må jo prøve å skape eit litt betre bilete av russen enn det som kanskje har vore til no, så dei positive russeknutane er eg oppteken av å ta, seier Faleide.

(Artikkelen held fram under biletserien)

Viktig å gjere litt ut av det

– Eg er på polferd. Det går i grunn veldig greitt, eg kosar meg, seier Siri Ann Roska.

Ho har Åsnes-ski på beina og prøvde seg innimellom også på nokre skøytetak. Den store hopen med russ fekk både bilistar og andre fotgjengarar til å sperre opp auga.

– Vi må jo gjere litt ut av det, seier Roska.

Måtte ha matstogg

Skiføret var nok langt frå optimalt for russen, som det sjeldan er i låglandet i mai, utan at det la nokon dempar på ferda.

Og når ein er på polferd, må ein sjølvsagt ha ein matstogg. Dermed drog russen fram Kvikk Lunsj for å sikre at kreftene ville halde heilt fram.

– Det trengst med ein liten rast. Det er veldig viktig å ha ein pause innimellom, seier Hanna Viken.

Tysdag 22. mai låg to av verdas største cruiseskip i Olden.
Skredet issolerte dei frå omverda.
Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.